Studentar prøvde å svindle seg til 36 millionar kroner
Studentar prøvde å jukse til seg 36 millionar kroner i urettmessig bortebuarstipend i 2016, ifølgje Lånekassen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2017 kontrollerte Lånekassen bustatusen til 43.000 studentar som hadde oppgitt å bu borte.
Av desse var det 2.321 studentar som ikkje kunne dokumentere at dei ikkje budde hos føresette og dei får dermed ikkje omgjort lånet sitt til stipend.
Utviklingsdirektør i Lånekassen, Kristine Eilertsen, meiner slike svindelforsøk er eit misbruk av velferdsgoda i samfunnet.
– Det er viktig at velferdsordningane i samfunnet ikkje blir misbrukt, og studiestøtte skal gå til dei som har rett på det, seier ho til Universitas.
Eilertsen fortel at å jukse seg til stipend kan få store følgjer. Om ein blir tatt i å forfalske dokumentasjon, risikerer ein å bli meld til politiet. Derimot blei Ingen slike saker avdekte i kontrollane i fjor.
Kvart år gjennomfører Lånekassen såkalla bukontrollar for å sjekke om studentar som har oppgitt borteadresse faktisk bur borte. Delen studentar som blir avslørt årleg ligg gjennomsnittleg på 4–5 prosent.
– Dei aller fleste studentar er ærlege, og det er vi veldig glade for, seier Eilertsen. (©NPK)