Stor medlemsvekst for Europeisk Ungdom: – På tide med debatt om medlemskap
Leiarane av ungdomsorganisasjonane for og mot EU trur på meir EU-debatt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– På tide med debatt om EU-medlemskap
For fyrste gong på fleire år Europeisk Ungdom har passert 1000 medlemmar, etter å ha auka medlemstalet med over 100 medlemar 2017.
– Fleire og fleire unge orienterer seg internasjonalt, og meiner europeisk samarbeid er nødvendig for å løysa vår tids utfordringar. Europa går dessutan betre, og blir av stadig fleire sett på som eit kontinent av moglegheiter, seier Knut André Sande, leiar i Europeisk Ungdom.
Etter mange år med fallande tal har både Europeisk Ungdom og Europabevegelsen no snudd ein negativ trend.
God aktivitet i organisasjonen
Knut André Sande meiner auka merksemd om Europa, kombinert med god aktivitet i organisasjonen, gav medlemsauken i fjor.
– Me er klare for å fortsetta denne utviklinga i år. Me starta mange nye lag i fjor, og er allereie i gong med nye i år.
I fjor starta dei opp lokallag i Oppland, Steinkjer, Vestfold og Østfold og studentlag i Bergen.
– Dessutan starta me opp lag i Telemark for nokre veker sidan, og fleire kjem, smiler leiaren i Europeisk Ungdom.
LES OGSÅ: Nei, EU-valet er ikkje som Paradise Hotel
– På tide med ny medlemskapsdebatt
– I tida som kjem skal me for det fyrste få EU på dagsorden ved å voksa oss større og ytra oss om det. Over halvparten av Noregs befolking har aldri fått stemma over EU, og no er det på tide å gje dei under 40 ein ny debatt, seier Knut André Sande.
– Eg trur dessutan me kan få drahjelp frå EU som snakkar om ny utvidingar i 2025 og av planane mellom anna Macron har om å reformera unionen. I ei stadig meir polarisert verd har me har alt å tena på å samarbeida med vårt eige kontinent, seier leiaren i Europeisk Ungdom.
LES OGSÅ: – Det er trist at ein gjeng med gamlingar får øydeleggja framtida til dei unge
Trur på meir EU-debatt
– Så hyggeleg, seier Ungdom mot EU-leiar Syver Zachariassen om medlemsveksten hos EU-tilhengarane.
– Så du er så pass raus?
– Me treng nokon på den andre sida for å halda liv i EU-debatten, seier han.
Ungdom mot EU har ikkje klar medlemstala enno, men seier dei har hatt ein liten nedgang i medlemstalet i 2017. Zachariassen trur forslaget til nye EU-reglar for energimarknaden (ACER) og konkurranseutsetjing av jernbanen vil bidra til auka medlemsvekst for Ungdom mot EU i 2018.
– Det er mange gode grunnar til at ungdom bør følgja med på utviklinga i EU. Energimarknaden er ekstremt viktig for industrien og framtida vår, seier Syver Zachariassen i Ungdom mot EU.
LES OGSÅ: – EU held fram med å bruke enorme ressursar på utdatert politikk