– EU held fram å bruke enorme ressursar på utdatert politikk

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU-budsjettet for 2018, der totalt 160,1 milliardar euro vart fordelt, vart vedteke med det minste fleirtalet nokon gong: under halvparten av dei 750 EU-parlamentarikarane stemte for.

Sosialdemokratane i S&D avsto frå å stemme for budsjettet for 2018, for første gong i historia. S&D sto for 189 av dei 197 representantane som avsto frå å stemme.

– Ved å ikkje stemme for budsjettet håpar vi å sende ei melding: Vi treng eit seriøst budsjett som kan handtere dei mange utfordringane Europa står ovanfor, sa Eider Gardiazabal Rubial, talsmannen for S&D.

– Vi treng eit seriøst budsjett som kan handtere dei mange utfordringane Europa står ovanfor

Budsjettet vart likevel vedteke med stemmene til EPP, den største konservative grupperinga, og ALDE, dei liberale. Dei to utgjorde til saman 282 av dei 295 representantane som stemte for.

Gerard Deprez, ALDE. Foto: euranet_plus/Flickr/CC-lisens.

– Det var på tide å styrke Europol for å lettare kjempe mot terrorisme, sa Gérard Deprez, ALDE-koordinator i budsjettkomitèen. Han var òg glad for den auka støtta til Det europeiske støttekontoret for asylspørsmål, som han meinte ville hindre slaveri som trugsmål mot flyktningar.

– Vi klarte å styre budsjettet i rett retning under forhandlingane. I seinare budsjett må Kommisjonen vere meir ambisiøs og lage eit forslag til budsjett som respekterer forpliktingane når det gjeld klimaaktivitet, sa Anneli Jäätteenmäki, ALDE-talsmann for 2018-budsjettet.

Kan ikkje stole på Tyrkia

154 representantar stemte imot budsjettet. Av desse var dei fleste frå sosialistiske GUE-NGL og ECR, gruppa som stort sett er engelske Conservatives, det polske regjeringspartiet PiS og Dansk Folkeparti, samt mindre ekstreme høgreparti.

Bernd Kölmel, ECR. Foto: JouWatch/Flickr/CC-lisens.

– EU held fram med å bruke enorme ressursar på utdatert politikk som ikkje førebuar oss på framtida, spesielt når vi tek omsyn til tapet av innbetalingane frå Storbritania. Det er bra at vi aukar støtta til forsking og innovasjon, samt å kjempe mot russisk propaganda og påverknad på vala våre, men vi kunne ha fått til så mykje meir, sa Bernd Kölmel, talsmann frå ECR.

Han vedgjekk òg at han var glad for at støtta til Tyrkia var kutta ned med 105 millionar euro, men hadde helst sett at ho var heilt borte, ettersom Tyrkia no er å sjå på som ein udemokratisk stat vi ikkje kan stole på.

Boikotte statar som krigar

– EU-budsjettet bør BERRE handle om sosial infrastruktur, sosiale prosjekt og å byggje eit likestilt samfunn

Liadh Ní Riada, GUE/NGL. Foto: Sinn Fein/Flickr/CC-lisens.

– Eg vil alltid sterkt støtte tiltak som gjev langtidsjobbar med meining og ikkje øydelegg miljøet som samtidig vil dyrka samfunnet og leie til betre livskvalitet for folk. 2.3 milliardar euro til Erasmus og 350 million euro til Ungdom i Arbeid-initiativet er positive tiltak, sa Liadh Ní Riada, koordinator for GUE-NGL i budsjettkomitèen.

Men ho var uroleg for utviklinga mot ein stor europeisk felleshær, og mot krig generelt.

– Den beste måten å møte migrasjon og å gjere livet til folk tryggare og sikrare er ved å stoppe pengeflyten til våpenprodusentar. Europa bør ikkje involvere seg i våpenindustrien og burde straks introdusere ein våpenboikott mot statar som er involvert i krigar over heile verda, spesielt i Midtausten.

– Eg vil halde fram med å argumentere for at EU-budsjettet bør berre handle om sosial infrastruktur, sosiale prosjekt og å byggje eit likestilt samfunn, avslutta ho.