Arnhild satsar på eit liv i lufta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Porten.no

Den ultimate kjensla for Arnhild Marie Kvamme (22) er fridom og å sjå plassar på ein heilt annan måte. Frå lufta føler Arnhild at tida står meir stille og at ho ikkje er ein del av det livet der nede på bakken. 

Etter kring fire år med studiar er ho endeleg ferdig som kommersiell flygar. Porten.no møtte ho medan ho tok seg ei friveke heime på Borgund, før ho for alvor byrjer å søka jobb. 

LES OGSÅ: Lever lenger med høgare utdanning

Stod mellom fly og hest
Det stod mellom å satsa på sprangriding eller å bli pilot då Arnhild skulle velge yrkesretning etter vidaregåande i Sogndal.

– This is the shit, tenkte Arnhild då ho i lag med faren, som sjølv kunne tenkt seg å bli pilot i si tid, reiste på eit informasjonsmøte for skulen Pilot Flight Academy i Sandefjord. 

Etter bestått opptaksprøve, gjekk turen til medisinsk testing hos flylegen i Oslo, før ho var klar for studiestart i januar 2012. 

Kva tykte mor di om at du valde denne yrkesvegen?

– Mamma hata det, men så er ho ikkje begeistra for det som bevegar seg raskare enn hennar eige gange. Ho ønska sjølvsagt at eg skulle få det til og lykkast, men tykte nok det var skummelt, fortel Arnhild. 

LES OGSÅ: Èin av tre har høgare utdanning

Høgdeskrekk
Arnhild erkjenner at ho ikkje er så glad i høgder, men etter eitt par timar i lufta vart det artig. No tykkjer ho å flyge er som å køyre bil. 

– Eg dett jo mest truleg ikkje ned. Eit fly har jo venger ev ein grunn, ein kan flyta på dei. Om ting skjer i lufta, så er jo det noko eg har trena mykje på. Det gjeld å veta kvar ein er og alltid ligga i framkant både om motoren ryk og om eg må finna ein plass å landa raskt. Tek flyet meg att, får eg brått dårleg tid, seier ho lurt og legg til at ho til no ikkje har vore i verkeleg farlege situasjonar.

Står ho derimot på ein fjelltopp, stiller alt seg annleis. Utan venger føler ho seg alt anna enn trygg. 

Like før ho reiste heimatt for å bli sauebonde
Det var ein stor bit med teori som måtte til før Arnhild kunne konsentrere seg fullt og heilt om flyginga. 

– All teorien me måtte i gjennom var demotivarande, då eg ikkje akkurat er eit skulelys. Me kunne sitta på dagevis med teoretiske testar på data. Det var mest som eg fekk dårleg samvit om eg måtte ein tur på butikken. For å klare teorien må ein vera både strukturert og målbevisst, medan på flydelen er ein avhengig å læra raskt, fortel ho. 

Av totalt 12 som starta i same klasse, datt fem stykk av løpet. Og sjølv om andelen jenter aukar på studiet, avslutta ho som einaste jente på sitt kull. 

– Etter den siste av 14 teoretiske eksamenar var eg sikker på eg hadde stoke. Då var eg temmeleg klar for å berre reise heimatt for å bli sauebonde. Så kom beskjeden om at eg stod. Det var toppen av lykke. No kunne eg endeleg tillata meg å seie at eg skal bli pilot. 

LES OGSÅ: Rekordmange vil ta høgare utdanning

Toppen av lykke er å flyge mellom fjell og fjord
Kvar er draumejobben?

Arnhild ler godt før ho seier: 

– Du hadde kanskje venta at draumen er å jobbe i store selskap slik som SAS eller Emirates, men eg vil jobba i Widerøe. Eg veit folk omtalar det som eit selskap med små skranglefly og ikkje skjønar meg heilt, men for meg hadde det vore toppen av lykke. 

Arnhild passar på å gå fram i cockpiten når ho reiser til og frå Sandefjord og Sogn, slik at ho får sitta i lag med kaptein og styrmann i Widerøe. Det er noko ho lærer mykje av. 

– Det er beundringsverdig det Widerøe gjer. Dei landar på korte rullebanar mellom fjell og fjord, der ein har liten tid på seg til å kome både opp og ned. Widerøe har meir utfordrande og krevjande ruter der det er meir å gjera for ein pilot. Eg ønskjer å verkeleg få prøva meg så fort og tidleg som råd, fortel Arnhild. 

Ho legg ikkje skjul på at ho ikkje er så glad i lange flyturar, der cruisekontrollen kan gjere det meste av jobben. 

– Eg er pilot for ein grunn, det er fordi eg vil flyge. Det er mykje meir artig å gjere meir unormale flygingar, ikkje berre kome seg opp, sette flyet i cruise eitt par timar, før ein får ei lang flystripe å landa på. 

LES OGSÅ: Tilbyr kunnskapsshopping

Hard arbeidsmarknad
Utfordringa framover er at Noreg har nok flygarar, og flyselskap som lyser ut stillingar har ofte eit krav om at ein må ha over 1000 timar i lufta. Arnhild er etter studietida oppe i mellom 200 til 250 timar. Ho kan ikkje kjøpa alle timane ho manglar, det blir fort dyrt, difor fortel ho at mange nyutdanna jobbar som instruktørar for klubbar og flyskuler for å få fleire timar. 

– Alle seier det gjeld å halda flyginga ved like og å ikkje vera kresen for å få fleire timar i lufta. Det er ein tøff marknad å få seg jobb i. Eg kjem til å søkje på det meste og kan like godt hamne i utlandet, sjølv om det er i nærområdet eg helst kunne tenkt meg, seier ho.