NPK
NPK

Dosent Runar Bakken ved fakultetet for helse- og sosialvitskap ved Høgskolen i Sørøst-Norge seier til NRK at sjølv om gutane veit dei er i mindretal når dei startar på studiet, så er kvinnedominansen mykje større enn dei mannlege studentane forventar.

– Det er eit større eller mindre sjokk å erfare dette i praksis, kor dominerande det kvinnelege er. Då tenkjer eg på at lærarane er kvinner, dei fleste rettleiarar ute i praksis er kvinner, og dei er ikkje vane med å lære opp menn. Heile pensumlitteraturen er gjennomsyra av at det er kvinner som skal utføre faget, seier han.

Han seier dei einaste døma med menn i pensumlitteraturen er skildringar av situasjonar der det kan vere problematisk med ein mannleg pleiar, for eksempel ved intimvask av kvinnelege pasientar.

Fråfallet bekymrar leiar Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund.

– Det er alvorleg, det er ikkje bra. Vi er jo veldig opptatt av sjukepleiarfaget skal vere for begge kjønn. Vi står føre store utfordringar i helsesektoren, og skal vi klare å rekruttere nok personale så er det heilt avgjerande at vi klarer å redusere fråfallet, seier By.

LES OGSÅ: Kjønnspoeng – òg til menn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE