Etter «Skal vi danse» går Wilfred «all in» for fleirkamerafoto

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg syntest det var sjukt kult med live tv. At det var mange folk, stort apparat og å sjå kor mykje som låg bak ein lita tv-sending.

Fram til han gjekk i tiande klasse på ungdomsskolen, ana ikkje Wilfred Lie kva han skulle studere vidare etter skolen. Men etter arbeidsveka med tv-produksjon var han seld.

– Fleirkamerafotograf, det er akkurat det eg vil bli. På arbeidsveka fann eg ut at det var kult å jobbe i team med mange andre som òg var interesserte i det. No er det berre tv-linja på Lillehammer som gjeld.

Veldig få har fast jobb som tv-fotograf

Wilfred Lie går siste året på medier og kommunikasjon på Nannestad vidaregåande. Samman med klassekameratane sine er han inne i innspurten av siste semester.

– Eg er eigentleg livredd for at det ikkje kjem til å gå, ler han. For akkurat i den jobben eg vil ha, der er det eit veldig lite miljø og vanskeleg å få jobb. Mange jobbar frilans og då er ein heilt avhengig av at nokon leiger deg inn, og at folk i bransjen veit kven du er.

Wilfred Lie (18) hadde arbeidsveke på Skal vi danse.

Wilfred Lie (18) hadde arbeidsveke på Skal vi danse. «Det var sjukt kult», seier han. Foto: Privat

Etter arbeidsveka har han heldt fram med å jobbe som assistent på tv-produksjonar. Han har vorte kjent med mange andre som har utdanna seg som tv-fotograf på Lillehammer, og spurt dei om ting han lurer på.

– Å snakke med folk som har gått der, har gjort meg meir og meir sikker på at skolen er bra.

God måte å få meir erfaring på

Han fortel at han har vore usikker på om han etter vidaregåande skal studere tv-produksjon på Lillehammer, eller fortsette å jobbe så mykje som mogleg som assistent på tv-produksjonar for å sjå korleis det går.

– Men etter å ha møtt så mange som har gått tv-utdanninga og som jobbar som fotograf no, så tenker eg at det er lurt. Og uansett er det lurt å ta ein bachelor.

Han har komme fram til at skolen er ein god måte å få meir erfaring på.

– Eg er fortsatt berre 18, og det er ikkje sånn at eg kan bli fotograf med ein gong. Så eg tenker at tre år på Lillehammer er ein fin ting for å øve og få erfaring for å få jobbar når eg er ferdig på høgskolen.

Perfekt at det er eit praktisk fag

Wilfred legg til at han ikkje hadde orka å gått tre år til med teoretiske studium. At det er eit praktisk retta studium med mykje produksjonar, trur han at han vil like.

Han har ikkje henta så mykje råd frå andre enn dei med tv-erfaring, men seier at han har fått meir ut av å snakke med medielærarane sine, enn med rådgjevarane på skolen.

– Læraren min seier «du kjem til å få det så bra på Lillehammer. Du kjem til å få så god erfaring og møte så masse folk.»

– Om eg kjem inn, gler eg meg skikkeleg. Men eg gruer litt til å flytte for meg sjølv. Det er første gongen eg flytter ordentleg ut. Om det er noko, så har ein ikkje foreldra like lett tilgjengelege, seier han.

Dei har gjort haugevis med research

Enno har han eit semester igjen på Nannestad vidaregåande. Der går han saman med vennene Rebecca Brenna og Emilie Erdal. Dei to har ikkje vore like skråsikre i sin veg til å finne ut kva dei skal studere.

Rebecca fortèl at ho gjorde haugevis med research då ho fann ut at snittet for profesjonsstudiet i psykologi  vart for høgt. Emilie har enno ikkje bestemt seg for kva ho skal velje. Neste veke får du lese om studievalet deira.

Rebecca Brenna (18), Emilie Erdal (18), og Wilfred Lie (18) går alle siste året på Nannestad vgs. Foto: Beate Haugtrø

Rebecca Brenna (18), Emilie Erdal (18), og Wilfred Lie (18) går alle siste året på Nannestad vgs. No skal dei snart vidare. Foto: Beate Haugtrø

Bachelor i TV-teknikk

Ei treårig TV-utdanning ved Høgskolen i Innlandet.

Faget er delt inn i einkamerateknikk og fleirkamerateknikk.

På einkamerateknikk jobbar ein i små team og jobbar mykje med dokumentarfilmproduksjon.

På fleirkamerateknikk lærer ein dei tekniske funksjonane i større produksjonar, som studioproduksjon og sportssendingar.

Studentane på TV-teknikk samarbeidar tett med studentane på TV-regi og TV-leiing.