Dokumentarfilmstudiet famna alle interessene

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bruke alle interessene sine i dokumentarfilmstudiet

– Eg reiste rundt lenge og utsatte å studere, fordi eg ikkje var sikker på kva studie eg ville satse på. Så kom eg fram til at å lage dokumentar bind saman alle interessane mine, seier Eide.

Ho var nysgjerrig på å møte menneske, og ønskte å gi folk ei stemme. Det at å lage dokumentarfilm òg var eit kreativt yrke der ho kunne bruke kunstinteressa si, var noko som gjorde at det vart det rette valet for Eide.

Utsatte studia og drog ut i verda

Då ho var ferdig med formgivingsfag på vidaregåande, så hadde ho først ein plan om å gå grafisk design på KHiO. Det vart ikkje noko av, og ho bestemte seg for å reise ut i verda.

Ho budde i Israel eit år, og etter det vart ho med eit par venninner som skulle reise til Asia.

Ho fortel at reisa hennar var delt i to. Først var ho ute og reiste i fire månader, og så måtte ho heim for å tene opp nok pengar til å fortsette reisa si.

Jobba frivillig i India og New Zealand

– Eg var heime og jobba så og seie natt og dag i fire månader, for å få råd til å reise vidare, seier ho.

Så reiste ho til India, der ho blant anna jobba frivillig på mor Theresas senter i Calcutta i to veker. I løpet av same reisa var ho åtte månader i New Zealand, der ho blant anna var med på å organisere ein alternativ festival.

Har vakse mykje på å reise

For henne var det rett å vente med studia, og reisinga gav henne mykje.

– Eg har alltid hatt trang til å utforske og sjå verda. Eg har nok vakse mykje på turane mine, og fått ei heilt anna forståing for verda. Om eg no sit heime i Noreg og ser på nyheitane at det er flom i Nord-India, så blir det mykje nærmare fordi eg har vore der sjølv, forklarer ho.

Mediefolkehøgskole i Danmark

Då ho var 22 år, byrja ho på film- og tv-linja på «Odder Højskole» i Danmark. Der laga dei musikkvideo, kunstfilm og tv-show med dokumentarisk vri. Det var her ho bestemte seg for å studere dokumentarfilm i Lillehammer. Ho leste om linja på nett, og syntest det såg veldig spennande ut. Ho søkte, og kom inn på første forsøk.

– Eg vart utruleg glad då eg kom inn, og eg følar at eg har komme på rett plass, seier ho.

No går ho andre året på Bachelor i TV-regi, med hovudfokus på å lage dokumentarfilm.

Bilete frå opptak frå venstre : Aleksander Goksøyr, Emily Louisa Millan Eide, Sigurd Stubø Sandberg og Agnete Husebye. Foto: Per Eide

Frå opptak av dokumentaren «Reprise»: Hovudpersonen Aleksander Goksøyr, regissør Emily Louisa Millan Eide, lydteknikar Sigurd Stubø Sandberg og fotograf Agnete Husebye. Foto: Per Eide

Om å finne dei gode historiene

– Kva gjer ein dokumentarist?

– Det handlar om å finne dei gode historiene. God research er veldig viktig. Om ein ikkje har gjort godt forarbeid, finn ein ikkje dei rette spørsmåla til den ein intervjuar.

Ho fortel at mykje handlar om å nærme seg dei ein lagar film om, sånn at dei opnar seg og fortèl historier. Og så jobber dei mykje med dramaturgi:

– Kort fortalt handlar dramaturgi om at filmen skal ha ein start, ein midt og ein slutt. I starten jobbar ein meir enkelt med det, og så blir det meir nyansert dess lengre ein jobbar.

Dokumentarfilmen «Reprise» var ferdig hausten 2017. Den filmen laga ho saman med medstudentane Sigurd Stubø Sandberg og Agnete Husebye. Filmen handlar om musikaren Aleksander Goksøyr. Han var på veg tilbake til ein musikarkarriere etter å både ha fått diagnosen MS, og ha brekt ryggen.

– Han har ei heilt unik historie. Det er eit under at han lever etter ryggbrotet. Akkurat da vi filma, var han på veg tilbake til musikken, og det var ei forandring som var veldig interessant å vere med på, seier Eide.

Sjå filmen her:

Filmen er på 11 minutt. Men prosessen med å lage filmen tok fire, fem månader. Dei filma han i 10 dagar totalt, resten av tida gjekk med til førebuing før opptak, og klipp etter opptak. No har dei fått vist dokumentaren sin i ei nettreportasje hos nrk. Samtidig ventar ho spent på svar frå fleire festivalar der ho har sendt inn filmen.

Må elske jobben for å halde på sånn

– Korleis er jobbmarknaden for ein dokumentarfilmregissør?

– Vi har ein lærar som seier at 70-80 prosent av dei som går her, jobber med noko relevant. Men eg veit ikkje om det stemmer, seier Eide.

– Det er nok ikkje den sikraste jobbframtida. Mange frilansar i denne jobben, og ein må elske det ein held på med for å drive på sånn.

– Når du er ferdigutdanna her, kva er draumejobben?

– Det hadde vore utruleg kult å leve av å lage eigne dokumentarprosjekt. Anten for ein tv-kanal, eller å produsere på eiga hand. For min del er det viktigaste i jobben å lage film på ein måte der eg får brukt min kunstnariske sans, og der eg samtidig fortèl noko som er viktig for samfunnet, seier Eide.