Korleis gå fram for å velje rett studium?

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vel du rett studium

Vala er uendelege, og råda er mange for den som skal velje kva dei skal studere. Statistikken og konsulentbyråa kjem med sine svar om framtidsyrka.

– Det handlar mykje om å bruke tid på research, og å snakke med folk. Kva slags fag er det ein liker, og kva kan ein tenke seg å jobbe med?

Det seier Bjarne Vasset som driv Studenttorget.no, ein nettstad for studentar. Der gir dei mange råd om karriere, studie- og yrkesval.

Aukande behov i skole og pleie- og omsorg

I januar presenterte Næringslivets Hovudorganisasjon ei studie som viste kva for yrke det kjem til å bli meir av og kva for yrke som kjem til å forsvinne i åra framover.

Her kjem det fram at det blir eit aukande behov for yrke som førskolelærarar, grunnskolelærarar, programvare- og app-utviklarar og pleiemedarbeidarar i åra framover.

Rapporten seier òg at det kjem til å bli mindre behov for blant anna butikkseljarar, kontormedarbeidarar, sjåførar og rekneskap- og lønsmedarbeidarar.

Sunniva og Lena vil ta påbygg først

Sunniva Risnes (17) og Lena Tislevoll (17) går begge andreåret på helsefag på Fitjar vidaregåande skule. Begge vil ta påbygg før dei går vidare med å studere.

Sunniva tenkjer på sjukepleieutdanning, medan Lena vil bli advokat.

– Høyrer de på råd når de skal velja utdanning?

– Ja, eg tenkjer det er viktig å tenkja på kor ein kan få jobb og sikra framtida si, seier Sunniva Risnes.

Lena har derimot sjølv bestemt at ho vil bli advokat, og har ikkje høyrt på andre sine råd.

Bjarne Vasset driv Studenttorget.no. Foto: Studenttorget.no

Mange framtidsspådommar

Bjarne Vasset ved studenttorget.no meiner det er greitt å ta med seg nokre av dei mange  framtidsspådommane frå NHO og frå konsulentbyråa.

– Nokre ting veit ein heilt sikkert, som at ein del manuelle jobbar i dag kjem til å forsvinne, at det blir færre som jobbar med rekneskap og at det blir mykje behov i helsevesenet.

– I helse- og omsorgsbransjen er det mykje som ikkje kan automatiserast, og vi lever lengre enn før, seier han.

Kva vil ein trivast med?

Likevel meiner han at det er viktigast å starte med seg sjølv.

– Ein må først finne ut kva ein er god på og kva ein vil trivast med. Nokre veit frå ung alder kva dei vil, og nokre er heilt blanke. Er ein heilt blank, er det kanskje ikkje lurt å kaste seg på eit seksårig profesjonsstudie i psykologi, men heller velje noko som gir fleire moglegheitar til å velje seinare i studieløpet.

Og om ein har ein idé om kva yrke ein vil trivast i, så er det lurt å snakke med nokon som allereie har erfaring i den type jobb ein er interessert i.

Snakk med folk med erfaring innan faget

– Høyr med folk med erfaring i jobben. «Kva er det beste med jobben», «kva er krevjande», og «korleis trur du det vil endre seg», er spørsmål som kan vere gode å stille.

Vasset meiner at ein ikkje skal vere redd for å ta kontakt og spørre. Han trur folk flest synest det er hyggeleg om ein tek kontakt for å få gode råd om jobben dei har.

Han minner om at rettleiarane berre kan gi generelle råd, og at det er verdifull informasjon å hente hos dei som sit med mange års yrkeserfaring innan jobben.