Torsdag blir det ellevte og nest siste bandet av Norsk ordbok lansert i Trondheim. For første gong har ord som trønderbart og trønderrock fått plass i ei ordbok.

NPK
NPK

Bandet dekkjer alfabetbolken frå orda stø til tåvrut, og med det er 25.000 nye ord frå det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket dokumenterte.

– Ved utgangen av jubileumsåret 2014 skal Norsk Ordbok i 12 band vere ferdig som gåve til alle som er interesserte i norsk språk. Redaksjonen er no inne på oppløpssida av arbeidet med verket, og det vil vi svært gjerne markere med ein fest, seier prosjektdirektør Åse Wetås.

LES OGSÅ: «Digital detox» i Oxford-ordboka

Folkemål
Norsk Ordbok dokumenterer ordtilfanget i det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Dei norske dialektane frå byar og bygder over heile landet er rikt representerte, både når det gjeld ordtydingar og sitat.

Trønderane kan dessutan glede seg over at dei to mest siterte forfattarane i band 11 er Olav Duun og Kristofer Uppdal.

Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 står bak arbeidet, som er finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo. Norsk Ordbok er fritt tilgjengeleg på nett på www.no2014.uio.no.

LES OGSÅ: «Shitstorm» er no eit tysk ordNederst i skjemaet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE