Stina valde å studere i London

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stina Kyrkjebø frå Oslo har alltid vore god i matte, og det låg i korta at ho skulle studere realfag. Men då ho skulle finne ut kva ho skulle gjere etter vidaregåande, fann ho ut at det var skriving ho ville halde på med.

Ho hadde søkt om studieplass på norske universitet i rett tid, gjennom samordna opptak. Men då siste semester på vidaregåande var i gang, tenkte ho nøye igjennom kva ho likte og hadde lyst til å gjere.

– Det var ikkje akkurat ei identitetskrise, men eg lurte veldig på kva eg ville gjere vidare. Eg var veldig matteperson før, så det hadde vore naturleg å halde fram i den retninga.

Ho spurte seg sjølv om kva ho vart glad av å drive med. Da ho fann ut at ho ville skrive, fann ho òg ut at ho ville studere utanlands. No skal ho straks starte på sitt andre semester på bachelorstudiet i «Creative writing» ved University of Roehampton utanfor London. Der trivst ho veldig godt.

Glad i England

At ho bestemte seg for England hadde fleire grunnar.

– Eg har alltid syntest at britisk kultur har vore spennande, og eg hadde lyst til å bli betre i engelsk. England har rykte på seg for å ha gode universitet. Og eg hadde lyst til å møte folk som ikkje var nordmenn, seier ho.

I tillegg har ho sansen for britisk humor, som ho karakteriserer som “dårleg og sjølvironisk”.

Stina med vener frå universitetet. Dei fleste venene ho har fått, er britiske. Foto: Privat.

For å finne fram til rett studie søkte ho rundt på internett, og fann organisasjonen Across the Pond. Dei har samarbeidsavtale med fleire engelske universitet, og kunne gi råd.

– I England har dei ein annan måte å søke på – ein må ha anbefalingsbrev. Eg spurte læraren min om det før russetida.

Stina måtte òg skrive eit eige søknads-/motivasjonsbrev. Det gjorde ho sommaren før ho starta, da ho satt i eit telt på Roskildefestivalen.

– Eg satt og skreiv i notatar på mobilen min, og sende det inn til organisasjonen som hjelpte meg å få søknaden vidare. Det var jo veldig seint, og eg har seinare forstått at dette var noko andre søkarar brukte veldig lang tid på. Men heldigvis kom eg inn, smiler Kyrkjebø.

Sjølv om Kyrkjebø søkte tett opp mot studiestart, anbefaler Study Across the Pond å vere ute i god tid.

– Vi anbefaler å søke så tidleg som mogleg. Det skader ikkje å søke i god tid og heller takke nei. Ein har ingen ting å tape på det, seier Camilla Waaden, rettleiar ved Study across the pond.

Across the pond sine anbefalte datoar for å søke i tide finn du her.

Campus-universitet

University of Roehampton har om lag 9000 studentar frå heile verda, og er det einaste campus-universitetet i London. Der er det både undervisningsbygg, bibliotek, bustadar for elevane, kafear og restaurantar, studentbar, studentunion, treningsrom og både kyrkje og moskè samla på eitt område. Stina bur på campusområdet med andre studentvener og har kort avstand til både bibliotek og undervisningsrom.

Biblioteket innvendig.

Biblioteket på Universitetet er heilt nytt. Mot slutten semesteret held dei opent heile døgnet. Foto: Privat

– Det er kjekt å bu på campus. Vi bur i ein svær hage, og det er ekorn, rev, svanar, store trær og vatn. Eg har sett meir grevling her enn i skogen i Noreg. Eg har alt eg treng i nærleiken, og det er her eg bur eg har fått mine beste vener, som eg heng med heile tida.

I studiet har dei både førelesningar, og jobbar saman i mindre grupper der dei tek for seg det dei har hatt førelesningar i. Dei jobbar òg mykje på eiga hand.

– Vi har ikkje eksamenar i faget. Heile poenget er at vi skal redigere i fleire rundar på same tekst. Etter førsteutkastet skal ein bruke lang tid på å finpusse det.

Råd til andre studentar

– Har du råd å gi til andre elevar som snart må velje kva dei skal studere?

– Eg tenker at sjølv om ein vil velje noko som gir ein trygg jobb, så kan ting endre seg og ein kan bli overflødig i jobben. Vi er ein generasjon som må etterutdanne oss, fordi ting er i forandring. Det viktigaste er faktisk å gjere det du har interesse for, seier Stina.

Ho seier at jobben er den staden ein kjem til å bruke mesteparten av sitt vakne liv, meir enn ein kjærast eller vener.

– Så på same måte som du ikkje ville valt venner eller ein kjærast du ikkje er glad i, så bør du òg velje ein jobb du er glad i, seier Stina.

– Og dersom nokon synst at det høyrest litt skremmande ut å flytte frå alt dei kjenner og studere ein plass i utlandet?

– Ein eller annan gong må du gjere noko uansett. Eg trur det kan kjennast like skummelt om du skal jobbe i Oslo eller gå på universitetet i Norge. Ein må framleis forhalde seg til nye folk og ta ting på eige initiativ. Å reise utanlands er eigentleg mykje deiligare – her er det ingen som kjenner deg frå før, og ein kan på ein måte starte med blanke ark, seier Stina.

Søknadsfristar ved britiske universitet

Alle studie ved Oxford og Cambridge har søknadsfrist 15. oktober året før studiestart. Om ein skal studere medisin, veterinær og tannlege er det òg frist 15. oktober ved alle universiteta. *Norske studentar blir rekna som internasjonale studentar, og har elles rullerande opptak. Det betyr at universiteta tek inn studentane etterkvart som dei søker.  Det blir anbefalt å søke så tidleg som mogleg, då plassane blir fylte opp fortløpande.

Alle fristane finn du her.

Kjelde: Study Across the Pond.