Bli med på besøk til 13 unge og lovande forskarar.

I sosiale medium konkurrerer forskingsnytt med sex, kjendisar, sport og politikk. Alle vil ha merksemda di på Facebook. Sensasjonsoverskrifter tilbyr raske og enkle svar.

Men forsking er verken raskt eller enkelt. Forsking er ein langsam prosess, full av spørsmål, undring og debatt. Forskarar er opptekne av vegen fram mot målet, av detaljerte spørsmål og nye metodar.

Kunnskapsbasert debatt
I postfaktasamfunnet vert det stadig viktigare at publikum får ta del i den komplekse prosessen med å tolmodig leite seg fram til nye svar.

Dersom ingen bryr seg om detaljane, metodane og nyansane, korleis skal vi då ha kunnskapsbaserte debattar om klima, krig og kreft?

Vi må gi plass til kva som skjer på labben når ein forskar forskar.

«Vis meg ein dings»
I serien «Vis meg ein dings» har eg forsøkt å skape engasjement rundt forsking som metode. Sidan starten av januar har eg besøkt eit knippe engasjerande forskarspirer på kontora deira. Eg har møtt 13 unge og lovande stipendiatar som har stilt opp til engasjerande samtalar om korleis det er å vere forskar.

I møta med dei unge forskarane har verktøya og metodane deira stått sentralt. Kvar av dei har vist fram ein dings, eit verktøy eller ein teknologi som er kjernen i arbeidet deira.

Utan denne tingen hadde dei ikkje fått gjort jobben sin. Utan denne dingsen hadde dei ikkje fått svar på spørsmåla sine. Utan dette verktøyet hadde dei ikkje fått resultat som gir kunnskap om verda. Uten metodane, ingen forsking.

Resultatet har blitt 13 svært ulike historier om nyfikne folk som brenn for det dei held på med.

God lesing!

Tre levande dingsar:

Ei plante

Vilde Olsson forskar på korleis planter mistar blada sine, og målet er å bidra til kunnskap som forbetrar matproduksjon.

Slik forklarte ho kryssing av to planter: «Du drar ut dei mannlege kjønnsorgana, hardt og brutalt.» 


– Eg er veldig interessert i genetikk og signaloverføring på innsida av celler, og planter er perfekte til å forske på, fortel stipendiat Vilde Olsson. Foto: Åsmund Eikenes

 

Ein hund

Når dyrlege Kristin Herstad forskar, tek ho i bruk ei tispe og kokt kjøtdeig for å kartlegge millionar av tarmbakteriar.

Wilma, Herstad sin eigen hund, deltok i forskingsprosjektet for å undersøke korleis kjøt påverkar tarmfloraen. «Hundar er jo opphavleg rovdyr, så dei toler fint å ete kjøt», forklarer eigaren.


Wilma er ein 10 år gamal Engelsk springer spaniel. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Ein robot

Tønnes Nygaard lærer robotane sine å gå, inkludert to edderkoppar og ein sjanglande, firbeint kreasjon med tilnamnet «Dyret».

Som forskarar flest, set Nygaard pris på forskingsverktøya sine: «Det gjorde vondt å sjå at foten til Dyret knakk då noko ramla ned frå taket og landa på han. Eg har empati for den.»


Stipendiat Tønnes Nygaard forskar på korleis robotar lærer. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Tre abstrakte dingsar:

Ein hjerne

For matematikarar som Fredrik Meyer er oppgåva med å fortelje verda kva dei held på ei konseptuell utfordring. Det er nemleg ikkje så lett å forstå kva det betyr når han arbeider med geometriske former som har 18 likningar med 12 ulike variablar.

«Det er hjernen som er mitt viktigaste verktøy», konkluderer han.


Då Fredrik Meyer (28) gjekk på barneskulen var planen å bli anten oppfinnar, professor eller forskar. No er han berre nokre månader unna å levere doktorgradsavhandlinga ved Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo. Foto: Åsmund H, Eikenes

 

Teknologien CRISPR

Pawel Borowicz nyttar CRISPR, ein ny teknologi for å fjerne, endre eller sette inn gen i levande celler, for å forske på immunforsvaret. Sidan 2012 har gjennombrotet CRISPR utvikla seg i rekordfart, og dei første forsøka med levande menneske er allereie i gang.

«Dette er den genetiske revolusjonen, men folk flest veit ikkje kva det er» seier forskaren.


Pawel Borowicz nyttar CRISPR for å endre gen i immunceller. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Maskina CACTUS

For å forstå kvar vi kjem frå, og samtidig bidra til trygge kjernekraftverk, tek Sunniva Rose i bruk ei nokså «sci-fi»-aktig maskin kalla CACTUS.

Ein av metaforane ho nyttar for å forklare kjernefysikk er denne: «Vi varmar atomkjernane og studerer sveitten.»


Stipendiat Sunniva Rose vil forstå kvar vi kjem frå. Til det nyttar ho maskina CACTUS. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Fire mikroskopiske dingsar:

Elektronmikroskop

Fredrik Skedsmo synest det er vanskeleg å kutte nerveceller i syltynne skiver. Målet er å bombardere skiver av hundenervar med elektron i det store mikroskopet, og på den måten avdekke kva som gjer at hundane vert sjuke.

For å behandle dyra trengs det meir kunnskap, og «då må eg vere sikker på at det vi ser i mikroskopet ikkje skuldast måten eg har behandla prøvane på», forklarar han.


– Eitt av dei spennande eksperimenta er å fargelegge nervane, og så sjå på dei i eit lysmikroskop. Då kan eg lage hypotesar om kva funksjonar dei ulike delane har, forklarar Skedsmo. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Fluorescensmikroskop

Australiaren John James Debenham forskar på parasittar i avføring. På tokt i India samla han 200 prøvar av apebæsj. Tilbake i Noreg putta han prøvane i eit mikroskop, og parasittane lyste opp «som ein by on natta».

«Kanskje bør turistnæringa seie til dei besøkande at det ikkje er så lurt å gi mat til apane grunna smittefare», foreslår han.


Arbeidet som parasittforskar består stort sett i å samle bæsj frå ulike dyr rundt om i verda, og så analysere parasittane ved hjelp av eit mikroskop. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Mikrobølgjeomn

Kjemikaren Simen Antonsen har eit klassisk laboratorium med boblande glaskolbar og svarte flekkar på veggane. Han nyttar også ein del nymotens utstyr for å framstille dei kjemiske stoffa.

Mikrobølgjeomnen gjer han i stand til å jukse litt: «Vi følgjer naturlovene, men vi hjelper naturen til å jobbe i den retninga vi ønsker.»


– Mikrobølgjeomnen gir reine og raske reaksjonar, men har likevel heilt klare avgrensingar. Å bruke mikrobølger til lynrask oppvarming er jo ein nisje, fortel stipendiat Simen Antonsen. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Mikroskop for levande celler

I starten på kvart eksperiment traskar Katharina Vestre til Ullevåll Sjukehus og hentar ein pose blod. Etter at ho har sortert ut kvite blodceller og spurt dei pent om dei kan bli til immunceller, filmar ho cellene for å undersøke korleis skjelettet oppfører seg.

Innimellom laboratoriearbeidet er Vestre ein ihuga formidlar: «Vi må fortelle om det vi kan, særleg i desse alternative fakta-tider.»


Katharina Vestre (24) snakkar til cellene gjennom kjemikaliar, og deretter filmar ho dei med eitt av universitetets mest avanserte mikroskop. Foto: Åsmund H. Eikenes.

 

Tre dingsar «In you face»

Smakstest

Kristine Tanem spør kreftpasientar om dei kan skilje mellom søtt, salt, surt og bittert. Ved hjelp av papirstrimlar og luktepennar sjekkar ho om dei får tilbake smak- og luktesansane sine, som del av eit større forskingsprosjekt.

«Dei får ein 2-dagars EU-kontroll for heile kroppen», seier tannlegen.


– Pasientane eg møter er svært ulike, men målet er å hjelpe dei med det eg kan, seier tannlege og stipendiat Kristine Tanem om forskingsprosjektet sitt. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Nasespray

Desiree Madah-Amiri og kollegaene hennar har delt ut nesten 3000 nasesprayar sidan forskingsprosjektet starta i 2014. Målet er at rusmisbrukarar skal kunne redde kvarandre frå ein heroinoverdose. Det første halvanna året vart 277 overdosar avverga.

«Draumen er at alle veit korleis dei skal bruke nasesprayen, og at alle som kan trenge ein, har ein», seier ho.


– Rusmisbrukarar kan redde venene sine før ambulansen kjem, seier stipendiat Desiree Madah-Amiri ved senter for rus- og avhengeforsking på UiO. Foto: Åsmund H. Eikenes

 

Diktafon

Andreas Berg lurer på om likekjønna ekteskap er ein mekanisme for kontroll. For å finne svaret på det har han invitert fem kristne, skeive personar til å diskutere film, musikk og TV.

Diktafonen han nyttar for å ta opp og dokumentere samtalane, er standardutstyr innan kvalitativ forsking. «Dingsen min er veldig nyttig», seier han.


Andreas Ihlang Berg nyttar ein diktafon for å forske på korleis skeive passar inn i synet på ekteskapet. Foto: Åsmund H. Eikenes

God lesing!

Oppdatert: måndag 3. juli 2017 09.24

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE