Skal lære dei unge å køyre trailer

Christina Albrektsen Stødle prøvde mange yrke. Så bestemte ho seg for å lære andre unge å køyre lastebil. No er ho nytilsett lærar på utdanning for yrkessjåførar ved Sauda v.g.s, og einaste kvinna i staben.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Christina skal lære elevar å køyre lastebil

– Eg har fått masse positive reaksjonar. Folk synst det er kjempetøft at ei jente vel eit sånt yrke, seier Christina Albrektsen Stødle (29).

Ho har akkurat starta i jobben som yrkessjåførlærar på Sauda vidaregåande. På linja er dei åtte lærarar, og ho er einaste kvinna.

På vegen til å finne draumejobben, har ho vore innom mange val.

Valde allmennfag fordi det var fornuftig

Ho starta på allmennfag. Det var eit trygt val, som ho visste heldt dørane opne etter skolen. Men i klasserommet vegg i vegg heldt elevane i transportklassa til, og der fekk ho fleire vener.

Christin Albrektsen Stødle (29) har akkurat starta i jobben som yrkessjåførlærar

Christina Albrektsen Stødle (29) gler seg til å jobbe som yrkessjåførlærar. Foto: Privat

Da ho var med kompisar som køyrde tungtransport, tenkte ho fleire gonger at det var noko ho kunne ha likt å jobbe med. Og ho tenkte fleire gonger på å bytte studie.

Prøvde mange jobbar

Det tok fleire år før ho kom dit. Etter vidaregåande tok ho eit «friår». Det brukte ho til å teste ut fleire jobbar. Ho var innom barnehage, eldresenter, jobba på skisenter og på Narvesen. Etter friåret bestemte ho seg for å følge ein draum ho hadde tenkt på sidan ungdomsskola.

– Det var ein draum å bli konditor. Men dei hadde berre sju lærlingeplassar. Då bestemte eg meg for å utdanne meg til kokk, og så etterpå bygge på med konditorfag, seier Stødle.

Yrkessjåfør for tungtransport

Men Stødle hadde atopisk eksem, noko som gjorde det vanskeleg å drive som kokk på heiltid. Etter at ho var ferdig utdanna, skjønte ho at ho måtte finne ein annan veg.

Christine er klar for å lære studentane å køyre trailer. Foto: Privat

Christina er klar for å lære studentane å køyre trailer. Foto: Privat

– Etter at eg skrinla kokkefaget, tenkte eg at no er tida inne for å bli yrkessjåfør.

Då tok ho eit 19-vekerskurs på Sauda vidaregåande, og i januar 2013 byrja ho å køyre tungtransport. Køyreturane gjekk mellom Haugesund og Oslo og Stavanger og Oslo. Eitt år køyrde ho òg tankbil. Då transporterte ho drivstoff til bensinstasjonane.

Nytt vegskifte

Sjølv om Christina Stødle trivdest godt langs vegen, bestemte ho seg etter kvart for å bli yrkessjåførlærar. Hausten 2015 starta ho på trafikklærarutdanninga på Nord universitet i Stjørdal.

– Eg ville ikkje sitte i bil resten av livet. Og å køyre langtransport er ikkje lett å kombinere med familieliv, seier ho.

Ho hugsa òg at yrkessjåførlærarane hennar i Sauda hadde foreslått at ho kunne komme tilbake til skolen som lærar hos dei.

Spennande å påverke haldningane til studentane

Stødle synest det er spennande å vere med og påverke dei unge sine haldningar til trafikksikkerheit.

– Det er eit stort ansvar å køyre så store køyretøy. Eg kjenner ansvar for dei unge yrkessjåførane. Ein skal ha mykje betre kompetanse i trafikken enn ein vanleg personbilsjåfør.

I full gang med ny jobb

No er ho heilt i starten av sin nye jobb som lærar. Det nye kullet med sjåførelevar har akkurat byrja på skolen, og ho gler seg til å ta fatt på jobben.

– Eg trur det blir eit spennande førsteår. Det er heilt nytt, så eg må finne mi rolle som lærar. Eg gler meg og håper dei lærer noko av meg, og eg av dei.

Om nokon andre, jenter eller gutar sitt og lurer på å bli yrkessjåførlærar, så vil ho anbefale det.

– Heile landet skrik etter trafikklærarar for tyngre køyretøy, seier Stødle.