Historisk nederlag for Angela Merkel

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Presidenten av Bundesdagen, Frank-Walter Steinmeier. Foto: Youtube/Skjermdump.

– Åtte veker etter valet til Bundesdagen har freistnadane for å danna ei regjering hittil ikkje gjeve resultat, og vi står no ovanfor ein situasjon som enno ikkje har hendt i historia til Forbundsrepublikken Tyskland, det vil seia på nesten 70 år, sa presidenten for Bundesdagen, Frank-Walter Steinmeier.

Han bad alle partia vurdere posisjonen sin på ny.

Betre å ikkje regjere

– Det er betre å ikkje regjere enn å regjera med feil politikk. Vi har eit ansvar for våre politiske overtydingar, sa leiaren for det liberale partiet FDP, Christian Lindner.

Christian Lindner, leiar for FDP. Foto: Smokeonthewater2/Flickr/CC-lisens.

Dei utforskande samtalane for å få til ei fleirtalsregjering leia av Merkel hadde dermed mislukkast, og åtte veker etter valet til Bundesdagen i Berlin har Tyskland tilsynelatande ikkje sjanse til å lage ei regjering som har fleirtal bak seg.

– SPD vil framleis ikkje gå inn i ein storkoalisjon med Unionspartia (CDU/CSU, Merkel sitt parti), sa Martin Schultz. Han er leiar for sosialdemokratiske SPD, det største opposisjonspartiet. Han nemnde òg at han ikkje var redd for nyval, trass i at det ikkje har vore noko nyval etter eit nasjonalt val i Tyskland sidan 1932.

Mindretalsregjering ikkje truleg

Martin Schultz, leiar av sosialdemokratiske SPD. Foto: Youtube, skjermdump.

Ei minoritetsregjering leia av kristendemokratane i CDU og Angela Merkel, med Dei Grøne eller FDP som støtteparti, er teoretisk mogleg. Men begge parti sa at dei ikkje ynskte å ta del i ein slik regjering.

Det andre alternativet er nyval. CDU har tidlegare vore skeptiske til dette, ettersom dei fryktar at det ekstreme høgrepartiet AfD vil vinne mange fleire røyster om dette skulle hende.

Andre kjelder: Der Spiegel, Deutsche Welle, The Guardian.