For første gong er det fleire som bruker snus enn røyk i Noreg
I fjor røyka 11 prosent av befolkninga dagleg, mens 12 prosent snuste. Det er første gong det er flest som snusar, og tobakksbruken aukar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Trass i nedgangen i daglegrøyking har den totale delen i befolkninga som dagleg brukar tobakk auka, seier førstekonsulent Joachim Wettergreen i Statistisk sentralbyrå (SSB).
- Les også: Dei snusar mest i Trøndelag.
SSBs statistikk over nordmenns tobakksvaner det siste tiåret viser at delen av dei som røykar kvar dag minkar, mens daglege brukarar av snus har stige markant. 2017 er det første året der delen daglegrøykarar er lågare enn delen som snusar dagleg.