Snus tar over for røyking blant unge
Det blir stadig færre av dei som røykjer dagleg her i landet. Delen som snusar går derimot opp, og trenden er særleg tydeleg blant unge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei snusar mest i Nord-Trøndelag
Blant unge i aldersgruppa 16 til 24 år er det no fleire som snusar enn som røykjer dagleg: Om lag fem prosent røykjer dagleg, mot om lag 20 prosent som snusar dagleg, ifølgje Folkehelseinstituttet.
I aldersgruppene over 45 år er det framleis vanlegare å røykje enn å snuse, særleg blant kvinner. Utviklinga viser at sidan 2000 så har snus auka samtidig som røykinga har gått tilbake.
Utdanning og bustadfylke
Utdanning og bustadfylke påverkar røykje- og snusvanar hos begge kjønn. Det er flest tobakksbrukarar i grupper med låg utdanning. Røykjevanane ser ut til å vere vondast å vende i Østfold, Telemark og Finnmark. Desse fylka har flest daglegrøykjarar.
Det er flest snusarar i Nord-Trøndelag, men fylkesforskjellane er mindre enn for røyking – når vi ser kjønn og aldersgrupper under eitt.
Lungekreft aukar framleis
Røyking påverkar helsa på fleire måtar. Det mest alvorlege er lungekreft. Hjarte- og karsjukdom var tidlegare den klart hyppigaste dødsårsaka blant røykjarar. I dag er tobakksrøyking hovudsakeleg ein risikofaktor for kreftdødsfall. Talet på lungekrefttilfelle stig framleis, og sterkast blant kvinner.
Dei som sluttar å røykje når dei er 30–50 år, vinn mellom seks og 20 års levetid samanlikna med dei som held fram med å røykje.
Også snus påverkar helsa. Snusbruk verkar inn på hjarte- og karsystemet ved at snusen påverkar blodtrykk og puls. Det er haldepunkt for at snusbruk kan gi større dødelegheit for dei som allereie har ein hjartesjukdom.