Rekordmange får tilbod om fagskuleutdanning
I år får 10.622 søkjarar tilbod om studieplass innan høgare yrkesfagleg utdanning gjennom Samordna opptak. Det er ny rekord.
– Gratulerer til alle som har fått tilbod om studieplass ved fagskule, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i ei pressemelding.
– Norsk arbeidsliv treng fleire med solid høgare yrkesfagleg kompetanse i åra som kjem. Då er det flott at stadig fleire søkjar og får tilbod om fagskuleplass, seier ho.
Auke på 9 prosent
10.622 søkjarar har fått tilbod om studieplass ved ein fagskule gjennom hovudopptaket for høgare yrkesfagleg utdanning. Det er ein auke på 9 prosent frå i fjor. 9371 søkjarar kom inn på førstevalet sitt.
Samordna opptak koordinerer søking og opptak til høgare yrkesfaglege utdanningar ved 24 av totalt 60 fagskular i Noreg. Alle offentlege fagskular er med i det samordna opptaket, medan det er valfritt for private fagskular. I dag er 7 private fagskular med.
Teknologi og helsefag er dei to største utdanningsområda ved årets Samordna opptak til høgare yrkesfagleg utdanning. I år har 5680 søkjarar til teknologifag og 2214 søkjarar til helsefag fått tilbod om studieplass. Det svarer høvesvis til 53 og 21 prosent av alle som har fått tilbod.
Helse og teknologi
– Behovet for kompetanse på fagskulenivå innan helse og teknologi vil vera stort framover. Dette er etterspurt kompetanse både i privat og offentleg sektor, og fagskulane leverer på behovet i samfunnet, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Talet på søkjarar til fagskuleutdanningane via Samordna opptak har auka frå litt over 9000 i 2020 til godt over 16.000 i 2026.
Frå 1. juni er det mogleg å søkja ledige studieplassar i det samordna opptaket til fagskular. Oversikt over kva studium det er mogleg å søkja på blir lagt ut på Samordna opptaks nettsider 29. mai og blir jamleg oppdatert.






