Noah Askjer (21) starta med møbelsnikring for å tene ekstra pengar ved sida av skulen. No viser han fram snikkaryrket til tusenvis av folk.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er så klart litt skummelt å satse, du veit jo ikkje kva du går til, men eg merka at det var stor pågang, og det hadde gått bra så langt, slik at eg torde å satse fulltid.

Slik forklarar Noah Askjer (21) korleis han kunne takke nei til tilbodet om jobb i tømrarbedrifta der han hadde vore lærling i to år. I staden gjekk han inn for sitt eige firma. Det starta ved at han snikra på fritida for å tene litt ekstra pengar.

Noah Askjer

Alder: 21

Frå: Skien

Yrke: Tømrar og snikkar som sjølvstendig næringsdrivande.

Utdanning: Bygg og anlegg på vidaregåande, med tømrarlinja frå andreåret og to år som lærling i bedrift.

– Før eg byrja offisielt med firma, gjorde eg berre litt ved sidan av skulen. Då laga eg utemøbel og litt diverse ting for å få inn ekstra inntekt. Så tok det veldig av.

Verksemda fekk god draghjelp frå sosiale medium, der han som @snekkernoah på Instagram og TikTok kunne vise fram kva slags oppdrag han kunne gjennomføre. Interessa der gjorde han sjølvsikker på at det var ein skikkeleg marknad.

Frå tømrar til snikkar

No har Askjer drive verksemda si i tre år, og han bestemmer over eigen arbeidsdag og prosjekt. Ofte startar dagen mellom klokka sju og åtte, og om han har noko kontorarbeid, blir det gjort. Har han ein kunde, møter han opp til avtalt tid, riggar ut av bilen, og set i gang med prosjektet.

Han må halde styr på alt sjølv.

– Det handlar om alt frå planlegging av prosjekt, kommunikasjon med kunden, handle inn materiell og verktøy, og ha det klart. Og viss vi er i gang med eit prosjekt og hovuddelen av dagen går til jobbinga, så er det berre å køyre på med prosjektet, med musikk eller podkast.

Det kan vere mykje forskjellig å gjere, både små og store snikkarjobbar som kan bikke over i tømraroppdrag.

– Tømrar, som eg er utdanna som, stoppar like før møbelsnikkaren kjem inn, forklarar Askjer.

Med andre ord: Eit hus og eit møbel treng forskjellig presisjon. Når du bygger eit møbel kan sjølv veldig små avvik på millimeteren få stort utslag på resultatet.

Må vere engasjert

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja, men du må vere litt engasjert sjølv.

Kva minste milimeter har noko å seie når Noah Askjer skal lage tremøblar. | Foto: Privat
For Noah Askjer er arbeidet som snikkar noko han engasjerer seg for. | Foto: Privat

Askjer veit det er ei oppfatting at dei som søker seg til yrkesfag har lågare snitt og er mindre engasjerte. Han trur ikkje det alltid er heilt feil, men vektlegg at ein må vere noko interessert for at utdanninga skal funke.

På mange måtar vart forventingane hans til yrket oppfylte, samstundes som han fekk opna verda si.

– Eg visste ikkje alt om kva som ligg bak eit bygg, kor mange forskjellige ting ein er innom. Det var endå breiare enn det eg har sett for meg, på ein positiv måte.

Sjølve opplæringa meiner han passa godt for han.

– Utdanninga er jo praktisk utejobb dei to åra som lærling. Om du har eit firma som lar deg prøve litt og ikkje berre set deg på rydding, viss du får eit firma som tilpassar jobben godt til deg og let deg prøve og utfordrar deg, synest eg ein får førebudd seg veldig godt.

Det fekk han hjå arbeidsgjevaren sin, som han var heldig med.

– Dei let meg prøve meg mykje fram på jobbar eg ikkje hadde gjort før. Så lenge du har rettleiarar rundt deg som du kan spørje, og du er flink til det, og du ikkje er redd for å prøve, så kjem ein veldig langt.

At du verkeleg blir førebudd til å arbeide, meiner han er ein av dei største fordelane med yrkesfag.

– Du er faktisk ute og jobbar. I mange andre yrke sit du på skulen, så er du plutseleg ute i jobb, og det blir ein veldig brå overgang. Med yrkesfag får du ein fot i arbeidslivet og ein fot i skulen, så blir det ein mjukare overgang.

Ser tydelege resultat

At han landa i yrkesfag, er ikkje så overraskande.

– Så lenge eg kan hugse, har eg likt å lage ting, spesielt av treverk, men eigentleg alt.

Arbeidet har mange fordelar.

Noah Askjer
Snikkaren kunne ikkje tenkt seg å sitje stille på eit kontor i lang tid. | Foto: Privat

– Eg likar veldig godt å jobbe fysisk, eg likar å bevege meg, skape ting. Du ser veldig tydelege resultat, og det er kanskje favorittingen med det.

Han fortel at det i dag er gode HMS-rutinar rundt snikkararbeidet, som gjer at han kan dra nytte av mange av fordelane ved å ha ein fysisk jobb, utan å slite ut kroppen slik nokre av veteranane i yrket har gjort.

– Kva er det mest utfordrande med jobben?

– Det kan vere litt dei same som er positive, det blir mykje fysisk jobb, det er mykje hardt vêr om du jobbar mykje ute. Å stå ute i 20 minus og stiv kuling kan vere ganske kaldt.

Samstundes trur han ein kan få for mykje av alt. Å sitje stille på eit kontor kan vere deilig, men for Askjer hadde det blitt utfordrande om han skulle gjere det lenge.

– Også er det utfordringar på ein positiv måte også. Du får utfordra kreativiteten, du må finne løysingar, det er også noko eg likar godt med det.

Eit kreativt yrke

Han håpar folk forstår at dei som vel yrkesfag også kan vere engasjerte og dyktige.

Yrkesfag er ein god veg for dei som vil kome skikkeleg inn i arbeid gjennom utdanninga si. | Foto: Privat

– Det finst veldig mange ordentleg interesserte folk som leverer kvalitet og er seriøse ovanfor kundar. Veldig mange der ute er stolte av det dei driv med.

Askjer trur også det er ein god økonomisk veg å gå, sidan ein startar tidleg med ei grei lærlingløn, arbeidslivet kjem fort, og det er mange moglegheiter vidare: alt frå å starte for seg sjølv og skape ei verksemd med tilsette, til å jobbe i eit stort selskap med mange kollegaer.

– I staden for dei som sit med studium til dei er kanskje tretti, kan du jobbe frå du er 19–20 år.

– Kven passar yrket for?

– Det passar for dei som likar å vere fysisk aktive, dei som er kreative og likar å skape ting. Er du tømrar og jobbar ute, må du tole å vere litt ute, og like litt vêr og vind. Så passar det bra om du er litt rastlaus og likar å vere litt aktiv.

Draumar om å halde fram

Det kan skje mykje rart og utruleg på jobb som snikkar. Vêr, vind, sludd og snø byggjer ein etter kvart opp toleranse mot.

– Så er det også utrulege ting i positiv forstand, minneverdige ting, som då eg vart kåra til årets lærling av Byggmakker i Telemark.

– Kva draumar har du for framtida?

– Det er litt av det same, planen no er eigentleg berre å halde fram. Det er veldig mange forskjellige prosjekt, eg brukar tid på sosiale medium, og så har eg eit eige husprosjekt ved sida av jobben.