– Verre med plasten i elvar og sjøar
Forsking om plastforureining i vatn handlar stort sett om havet. Men det største problemet er plasten som hamnar i ferskvatn, meiner NTNU-biolog.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ikkje plasten i havet vi bør bekymre oss mest for, men den som hamnar i elvar og innsjøar, hevdar Martin Wagner, førsteamanuensis ved Institutt for biologi på NTNU, på Gemini.no.
- LES OGSÅ: Havplast inneheld enormt med miljøgifter
Ny forsking viser at hovudmengda av plast i havet kjem frå kjelder på land. Spesielt gjeld dette i Asia og Afrika, der det er mangelfull handtering av søppelfyllingar, industriavfall og generell forsøpling, og der elvane transporterer plastavfallet vidare ut i havet. Skal vi hindre meir plast i å hamne i havet, er det derfor på land vi må starte.
Elvar er dessutan ikkje berre vassvegar som fraktar vatn – og søppel – til havet.
– Elvar er fantastiske og komplekse økosystem i seg sjølv. Vi bør vere like merksame på effekten av plastforureininga her, seier Wagner.
Men han understrekar at vi ikkje må stoppe å bry oss om plast i havet, men at vi også må sjå på plastforureininga i ferskvatn.