Havplast inneheld enormt med miljøgifter

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i ein studie publisert i journalen «Environmental Science and Technology» at dette kjem fram, skriv NRK.

– Studien seier noko om at nivåa av miljøgifter i plastpartiklar kan vere så høge at dei kan bli tatt opp av organismane som et dei. Det er ei god moglegheit for at miljøgiftene ender opp i næringskjeda, og eventuelt på bordet til oss menneske gjennom sjømaten som vi et, seier Bjørn Einar Grøsvik, som er seniorforskar ved Havforskingsinstituttet, til NRK.

Det er eit internasjonal team samansett av forskarar frå The Ocean Cleanup og seks universitet frå fem ulike land som står bak studien.