Slik vil Kunnskapsdepartementet skjerpe målbruken

Etter nyttår skal statlege institusjonar rapportere om kor stor del nynorsk og bokmål dei har brukt i 2017.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ber høgskular og universitet om å skjerpe seg

I forkant av rapporteringa ber Kunnskapsdepartementet universitet og høgskular om å skjerpe seg.

Departementet meiner at institusjonane i kunnskapssektoren ikkje tar pålegget om å sikre at begge målformer blir brukt, tilstrekkeleg på alvor. Dei har no sendt ut eit brev der dei varslar at veksling mellom nynorsk og bokmål vil bli tema i styringsdialogen framover, skriv Khrono.

«Språkrådet har tatt kontakt med Kunnskapsdepartementet og gjort oss merksame på at det ser ut som om ein del institusjonar i UH-sektoren har for liten respekt for krava til målveksling som blir stilt i lov om målbruk i offentleg teneste. Den årlege målbruksrapporteringa viser at dei fleste forvaltningsorgan i sektoren vår ligg eit godt stykke frå å oppfylle krava i lova. Nokre institusjonar leverer ikkje rapportar om målbruk til Språkrådet og enkelte overser heilt førespurnader frå Språkrådet,» skriv departementet i brevet.

Førebelse tal som norske universitet og høgskular rapporterte inn til Språkrådet for 2016 viste tidlegare i år at ingen oppfyller mållova. Sidan då har Språkrådet komme med sin endelege rapport ​.

19 av 26 institusjonar leverte rapport, 13 fekk purring for ikkje å ha levert innan fristen, og seks institusjonar leverte ikkje i det heile tatt. (©NPK)