Nestleiaren i Unge Venstre håpar å få landsmøtet med seg i helga.

Anette Fadnes Marcussen
Anette Fadnes Marcussen

Til helga arrangerer Unge Venstre sitt årlege landsmøte. Her skal ungdomspartiet sin politiske plattform reviderast. Eit av forslaga som skal behandlast er å fjerne karakterane i orden og åtferd i ungdomsskulen og vidaregåande.

– Straff og merknadar er ei lettvint reaksjon på ungdom som utagerer. Kva for verknad det har er samstundes høgst diskutabelt, seier 1. nestleiar i Unge Venstre, Grunde Almeland.

Nestleiaren håpar å få med seg resten av landsmøte på at skulen ikkje lengre skal kunne bruke trugslar om nedsetjing i orden og åtferd som verkemiddel overfor elevane.

– Merknadar og trugslar om nedsetjing i karakteren har størst verknad overfor dei som ikkje treng det. Elevane som slit og fell utanfor kjem ikkje oftare på skulen i desember fordi dei i oktober fekk nedsett ordenskarakter, seier han i ei pressemelding.

Framtida.no har intervjua Natalie Norland og Annie Myhre frå Nysæter Ungdomsskule, for å sjå kva dei synest om at orden og åtferdskarakterane kanskje skal fjernast.

– Eg synest ikkje dei bør fjerna karakterane, seier Natalie Norland, som går i 10. klasse.

– For visst du er veldig flink generelt, så må du òg passe på orden og åtferd, så du får meir kontroll.

Annie Myhre, som går i same klasse, synest heller ikkje at karakterane burde fjernast, fordi det er ein del av kven du er.

– Det er ein del av identiteten, legg Natalie til.

– Meiner de at lærarane har rett til å setje opp truslar om å setje ned karakterane i orden og åtferd?

– Ja, eg synest dei bør trua med å setje dei ned, fortel Natalie.

– For då skjerpar dei seg meir.

Annie synest ikkje dei bør trua, men heller seia det på ein høfleg måte, så det ikkje skremmer elevane.

Grunde Almeland i Unge Venstre påpeikar at det er viktigast for skulene å arbeide målretta med førebygging.

– Som regel er det ein grunn til destruktiv og utagerande åtferd. Det er viktig at skulen tar seg tid til å bli kjend med den einskilde sin situasjon. Det er først då ein finn ut kva som ligg bak åtferda, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE