Fire av ti lærebedrifter melder om lærlingar som ikkje held mål
NHO meiner utdaterte skuleverkstadar er årsaka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv avisa Klassekampen.
– Fire av ti lærebedrifter opplever at lærlingane dei får ikkje lever opp til forventingane. Det heng saman med at bedriftene merkar at elevane ikkje har fått nok tilgang til moderne maskiner og utstyr i opplæringa, seier viseadministrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, til Klassekampen.
No krev NHO 250 millionar til nye maskiner i yrkesopplæringa slik at ein kan halde tritt med teknologiutviklinga.
– Det må meir innsats og pengar til. Vi meiner det trengst 50 millionar kvart år over fem år for å løfte utstyrspakken i vidaregåande skule, seier Almlid.
Det er i ein rapport tinga av Utdanningsdirektoratet i 2016 at fire av ti bedrifter oppgir at lærlingane ikkje lever opp til forventingane.