Mot usikkert val i Catalonia


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

At eit par tusen verksemder har søkt om å få flytta hovudkontoret ut or Catalonia, er sjølvsagt alvorleg, og gjer at Catalonia går glipp av inntekter. Kollegiet av økonomar i Catalonia (CEC) ser på dette som ei utidig politisk innblanding frå det spanske regjeringspartiet Partido Popular (PP) i den katalanske økonomien. At det samstundes blir oppretta stadig nye bedrifter i Catalonia, er det færre som snakkar om.

Politikken har invadert økonomien på same måten som den har gjort det i rettsvesenet. Fengslinga av politikarar og av to leiande representantar for sosiale grasrotorganisasjonar gjer at dei politiske partia ikkje står på likefot i den valkampen som no utkjempar seg til det katalanske regionalparlamentet 21. desember. Bruken av § 155 i den spanske grunnlova, som gjorde det mogleg å intervenera i Catalonia, har likevel gjort PP så upopulært i Catalonia at partiet ligg an til å få lågast representasjon i det katalanske Parlament.

Kan bli uhandterleg

Meiningsmålingar tyder på at sjølvstendepartia roterer rundt 50 prosent av seta i el Parlament. Alliansen CeC Podem, der den katalanske varianten av Podemos er med, kan i ein situasjon med uklar vinnar, få ei nøkkelrolle. Med dei harde utfalla alliansen har komme med både mot unionistar og tilhengjarar av sjølvstende, kan Catalonia lett bli uhandterleg, med snarleg nyval som neste punkt på agendaen.

Eit forskingsopphald i Barcelona har gjeve meg mange forklaringar på kvifor den prosentvise delen har gått så kraftig opp for sjølvstendepartia dei seinaste tiåra. Mange er blitt for katalansk uavhengigheit frå Spania på grunn av det dei ser på som ein valdeleg og nedverdigande politikk frå sentralstyresmaktene – politikarar og rettsvesen – i Madrid. Dei talande fjernsynsbileta frå undertrykkinga av folk som ville delta ved den underkjente folkerøystinga 1. oktober, var sjokkerande og heilt ute av proposjonar mot folk som står for fredeleg kamp i all si ferd. Når den spanske regjeringa nektar å kalla fengsla politiske leiarar for politiske fangar i klart politiske saker, jamfører mange, både i Catalonia og elles, med regime som Spania helst ikkje vil jamføra seg med.

Opprørspoliti gjekk hardt til verks etter valet 1. oktober 2017. Foto: Robert Bonet/CC BY-SA 3.0 es-lisens

Uendra grunnlov

Ein av dei viktigaste grunnane til at ein er kommen i dagens situasjon i Catalonia, er at ein ikkje har endra den spanske grunnlova på dei verkeleg viktige punkta. Grunnlova utgjorde ein milepæl då ho blei vedteken i 1978, og var på fleire måtar eit meisterverk av kompromiss mellom ulike politiske posisjonar som hadde stått mot einannan sidan før borgarkrigen (1936-1939). Tilmed statsforma, republikk eller monarki, utløyste politisk kiv, og dei som hadde stått på republikansk side i borgarkrigen, støtta eit konstitusjonelt kongedømme mest av frykt for at vegen kunne vera kort attende til diktaturet.

Tida etter at diktatoren Francisco Franco døydde i 1975, var spent, også med forsøk på militærkupp. Men dei vel fire tiåra som har gått sidan, har endra mykje i dei ulike delane av Spania. Sosialt og politisk er landet milevis frå slik vi blei kjent med det, vi som studerte landet på 1970-talet. Stengsla mot fridom, som var utbreidde i Franco-tida, er for det meste fjerna. Tida med nasjonalkatolisisme, den offisielle frankistideologien som tufta politikken på katolsk tru, er definitivt forbi. Men nye problem har dukka opp – massiv arbeidsløyse, aukande skilnader mellom fattig og rik, omfattande korrupsjon, uro i somme regionar – problem som har fått mange til å krevja grunnlovsreformer.

Urettvise

Situasjonen i regionane er eitt aspekt ved krava om grunnlovsreform. Det finst dei som hevdar at dei autonome regionane i Spania viser at landet er eitt av dei mest desentraliserte landa i verda. Ikkje alle kjenner det slik, og slett ikkje Catalonia og Baskarland. Det er såleis ikkje til å undrast over at det er nettopp desse to regionane som har støtt på problem når dei har utarbeidd planar om nye autonomivedtekter, baskarane rundt år 2000, katalarane noko seinare. Eit anna viktig ankepunkt til mange regionar er den urettvise økonomiske situasjonen, der Baskarland og Navarra overfører relativt mykje mindre til sentralstyresmaktene i Madrid enn dei hine regionane. No er det faktisk baskarane som kjem med framlegg om å endra på dette.

I det spanske tokammersystemet er det også mange som meiner at senatet bør få ei anna rolle og samansetning enn det har i dag, slik at det verkeleg kan bli regionane sitt kammer der desse kan ha reell innverknad på politikken. Det finst mange måtar å komma ut or dagens situasjon i Catalonia – og unngå katastrofe – men eit første vilkår er at ein set seg ved forhandlingsbordet for å innleia dialog. Då må også dagens regjeringsparti innsjå at Spania er eit land med ulike kulturar, ulike identitetar og ulike interesser, og slutta med å setja desse opp mot einannan.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR CATALONIA HER!

Johannes A. Nymark har nettopp pensjonert seg frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Han er forfattar av boka Draumen om Catalonia, utgjeve på Samlaget i 2015.

Les også:

Dette er dei store spørsmåla før valet i Catalonia

Spania svarar Johannes Nymark om Catalonia

Difor er Catalonia så polarisert