Framtida
Publisert
Oppdatert 22.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor er Catalonia så polarisert

«Når borgarane ber om folkerøysting fordi dei vil uttrykkja si meining, då kan ikkje svaret vera ‘ta det roleg, det går fint (utan)’. Kva vits er det då?»

Den spanske statsministeren frå høgrepartiet PP, Mariano Rajoy. Foto: EPP/Flickr/CC-lisens.

Ein kunne tru det var ein tilhengar av katalansk uavhengigheit som sa dette, men det var faktisk dagens spanske statsminister Mariano Rajoy, i 2006, medan han og PP (Partido Popular) enno var i opposisjon.

Utsegna kom i ein situasjon då ulike regionar i Spania kravde at autonomivedtektene frå rundt 1980 blei fornya. Mange regionar hadde fått fornya vedtektene på 1990-talet. Problema oppstod då turen kom til Baskarland og Catalonia. Heilt først på 2000-talet presenterte baskarane Ibarretxe-planen, men namn etter han som var president i regionen på den tida. I planen kom det framlegg om ei fri tilknyting av Baskarland til Spania, der dei to skulle vera likeverdige og der ein også inkluderte eventuell sjølvråderett for baskarane. Planen, som var inspirert av Puerto Rico sin status i høve til USA, blei bryskt avvist i 2005 og ikkje eingong teke opp i det spanske parlamentet.

LES OGSÅ: Språk, fridomsstrev og fotball i Catalonia

Heimla i lova

I 2005 var det katalanarane sin tur til å diskutera ei fornying av sjølvstyrevedtektene. Som tradisjonen er i Catalonia, var diskusjonane friske på grunnplanet. I september 2005 røysta 88 prosent for vedtektene i det katalanske parlamentet, og i byrjinga av 2006 kom vedtektene til det spanske parlamentet i Madrid. Her gjekk ein noko modifisert tekst gjennom. To grupper røysta imot: PP og det katalanske sjølvstendepartiet ERC (Catalonias Republikanske Venstre). For dei første gav framlegget alt for mykje sjølvstyre til Catalonia, for ERC var det alt for lite sjølvstyre.

I folkerøystinga i juni 2006 var deltakinga ikkje den heilt store (49,4 prosent), men 74 prosent av desse røysta for framlegget til nye vedtekter. Denne folkerøystinga var heimla i lova. Som ei jamføring kan vi nemna at den sørlege regionen Andalucia i 2007 røysta over sine endra vedtekter. Her var deltakinga 36 % av dei røysteføre, og 87,4 % røysta for.

Éin million tok til gatene 10. juli 2010. Foto: Amadalvarez/Wikipedia/CC BY-SA 3.0-lisens

Éin million tok til gatene

Opposisjonspartiet PP gav seg ikkje, men klaga om lag halvparten av paragrafane i dei nye katalanske sjølvstyrevedtektene inn for grunnlovsdomstolen. Fire år tok det før denne domstolen tok si avgjerd, i slutten av juni 2010. 10. juli same år, dagen etter at avgjerda blei gjort kjent, protesterte om lag ein million i gatene i Barcelona mot avgjerda. No var ikkje berre katalanske tilhengarar av uavhengigheit provoserte, men også mange som i utgangspunktet berre var for utvida sjølvstyrevedtekter.

Meiningsytringa til Mariano Rajoy omtala først i denne artikkelen kom etter at han og PP hadde samla inn fire millionar underskrifter – berre 40 000 av desse frå Catalonia – til støtte for kravet om at heile Spania måtte få høve til å uttrykkja seg i ei folkerøysting om Catalonia. Kampanjen hadde gått under namnet «Alle har vi rett til ei meining». Det blei aldri noka folkerøysting, men Rajoy hadde for så vidt oppnådd det han ville: å styrka partiet i ei tid då det låg med knekt rygg og med store indre konfliktar.

LES OGSÅ: – Eg visste ikkje at eg var spansk før eg var ni år

Auka konfliktnivået

Mange katalanarar såg på kampanjen som eit direkte åtak på regionen deira. Såleis klarte PP noko som tilhengarane av fullt sjølvstende ikkje hadde vore i nærleiken av: å auka støtta til katalansk uavhengigheit, frå 12-13 prosent på 1980-talet via om lag 30 prosent på 2000-talet og opp mot halvparten av dei røysteføre i våre dagar.

Når katalanarar i våre dagar viser til meiningsmålingar som tilseier at rundt rekna 80 prosent av det katalanske folket går inn for folkerøysting om eventuelt sjølvstende – sjølv mange som ville ha stemt imot – då talar dei for dauve øyre til dagens PP-regjering. Rajoy sine ytringar i 2006 var tydelegvis ikkje særleg prinsipielt funderte.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR CATALONIA HER!


Johannes A. Nymark har nettopp pensjonert seg frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Han er forfattar av boka Draumen om Catalonia, utgjeve på Samlaget i 2015.