Den spanske ambassadøren svarar om Catalonia

Maria Isabel Vicandi, Spanias ambassadør i Noreg
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg skriv til Dykk i samband med artikkelen av Johannes A. Nymark om situasjonen i Catalonia, publisert i Framtida 5.desember. Den lange artikkelen inneheld diverse formuleringar eg ikkje er einig i. Det er spesielt to eg ikkje kan la vere å påpeike slik at lesarane til avisa får fullstendig informasjon om hendingane som finn stad i landet mitt.

Maria Isabel Vicandi, Spanias ambassadør til Noreg frå 30.mars 2017. Foto: UNIDO/Flickr/CC-lisens.

Først og fremst er det ikkje føremålstenleg å snakka om «politiske fangar» i Spania, eit fullt demokratisk land der ingen blir forfølgde for dei politiske idéane sine, som fritt kan utrykkjast i alle fora. Personane Nymark referer til er politikarar som fritt har fått lov til å forsvare sjølvstendeidéane sine i alle offentlege institusjonar, det spanske og katalanske parlamentet og i media. Men desse politikarane ser ut til å gjentekne gonger krenka grunnlova, lovene i Spania og medvite ignorert tallause ordrar frå Forfatningsdomstolen. I Spania blir ei slik åtferd sett på som straffbar ifølgje Straffelova, på lik line med i Noreg, der den øvste leiinga i landet som valdar fare for at ein del av Noreg blir lausrive kan straffast med inntil 21 år i fengsel. I ein rettstat er ingen heva over lova og einkvar borgar som bryt ho bør stå til ansvar for handlingane sine framfor domstolane.

Utover dette vil eg gjere dykk merksame på at den spanske regjeringa, med støtte av 80 prosent av Senatet, tok den eksepsjonelle avgjerda å intervenere den regionale regjeringa i Catalonia ut frå den spanske grunnlova – som vart vedteke i si tid med overveldande fleirtal – med mål om å gjenopprette rettsstaten. I så måte vil gjennomføringa av val i den autonome regionen 21.desember vere eit viktig steg mot normaliseringa av situasjonen og, uavhengig av valresultata, den spanske regjeringa vil samarbeide med den nye regionale regjeringa for å gjenopprette lovlegheiten og institusjonell normalitet.