Dette er dei store spørsmåla før valet i Catalonia

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er dei store spørsmåla før valet i Catalonia

Leiande katalanske politikarar har teke sjølvkritikk på eit viktig punkt: Dei hadde ikkje rekna med at den fredelege katalanske fridomskampen skulle bli møtt med brutal undertrykking.

Vi såg det 1. oktober då spansk politi og sivilgarde såra nesten 1000 personar som prøvde å ta del i folkerøystinga som den katalanske regjeringa hadde lagt opp til om sjølvstende for regionen. Fjernsynsbileta som gjekk verda rundt, synte korleis spansk politi og sivilgarde nytta så vel køller som tåregass og vasskanonar for å hindra at folk røysta. Trass i valdeleg undertrykking røysta over 2,2 millionar, om lag 43 prosent av dei røysteføre, og av desse røysta 90 prosent for å oppretta ein katalansk republikk.

27. oktober godkjente parlamentet i Catalonia republikken, med 70 røyster for, 10 imot og to blanke, i ei forsamling på til saman 135 parlamentsmedlemmer. Opposisjonen viste til at det heile hadde gått føre seg mot lova og forlét salen i protest under røystinga. Ein time etter at republikken var erklært, røysta det spanske senatet for å nytta § 155 i grunnlova for å ta attende kontrollen i Catalonia og gjera erklæringa om uavhengigheit ugyldig.

Opprørspoliti gjekk hardt til verks etter valet 1. oktober 2017. Foto: Robert Bonet/CC BY-SA 3.0 es-lisens

Fengsla

Det tok heller ikkje lang tid før seks av leiarane i den katalanske regionalregjeringa blei fengsla for opprør og urostifting, mellom dei visepresidenten Oriol Junqueras. Same lagnaden, fengsling, fekk leiarar av dei to grasrotorganisasjonane Òmnium Cultural og ANC (Den nasjonale katalanske samskipnaden). Juristar en masse har protestert mot desse fengslingane, som dei hevdar er «misbruk av jussen», det «går imot grunnleggjande rettar», og det «representerer ikkje legale kriterier, men er ein «ideologisk bruk av jussen».

Heilt til sentralregjeringa i Madrid nytta § 155 i grunnlova til å ta kontroll over situasjonen, var presseoppslaga massive. Men då dei åtte var blitt fengsla, blei det tyst. Sjeldan har eg sjølv opplevd flokkmentaliteten til pressa så intenst. Politiske fangar var det inga interesse for, viss ein ser bort frå i Spania og spesielt i Catalonia.

Usikkert val

I den spente situasjonen som er skissert ovanfor fastsette den spanske statsministeren 27. oktober at det skulle vera parlamentsval i Catalonia 21. desember. Fleire spørsmål melde seg omgåande for katalanske politikarar og parti. Skulle ein ta del i eit val kalla saman av ei regjering og eit parti som ein har vore i konstant opposisjon til i lang tid? Mange parti og grupper på uavhengigheitssida var i utgangspunktet svært skeptiske og såg på valet som illegitimt.

Den sist valde presidenten Carles Puigdemont stiller for partiet JxCat. Foto: Wikipedia

Etter litt refleksjon kom ein likevel fram til at ein ville stilla. Dei mest nølande har vore det antikapitalistiske CUP (Candidatura d’Unitat Popular), som ved det førre parlamentsvalet fekk 10 representantar og som på dei siste meiningsmålingane ligg an til å få 7-8. Dei som styrte Catalonia fram til 27. oktober, Junts pel Sí, JxSí (Saman for ja) – med totalt 62 representantar – er no blitt splitta i sine to delar: venstrepartiet ERC (Catalonias Republikanske Venstre) med 37-38 mandat på meiningsmålingane, og høgrepartiet PDeCat (Partit Demòcrata Europeu Catalá), som presenterer seg under namnet JxCat (Saman for Catalonia) og ligg på 24-25 mandat. Den sistnemnde gruppa har som sin kandidat den sist valde presidenten Carles Puigdemont, som saman med somme av dei andre medlemmene av den siste regjeringa si, no er i Brussel.

Korrupsjon

At valet truleg vil bli meir enn jamt, kan ein lesa ut av meiningsmålingar, som gir det katalanske sosialistpartiet PSC og det konservative Ciutadans, C’s (Borgarar) like mange representantar kvar som JxCat, det vil seia 24-25. Eit slikt resultat ville vera eit stort tilbakesteg for dei første (frå 32) og ei klar forbetring for dei sistnemnde (frå 16). Desse to partia er dei viktigaste unionistpartia i Catalonia, medan det spanske regjeringspartiet PP er svakt i denne provinsen og med prognoser på 6-7 mandat tilmed ligg bak antikapitalistane i CUP.

Podemos sin avleggjar i Catalonia, Cec-Podem, kan godt komma til å bli avgjerande for kven som får danna regjering etter valet. Meiningsmålingane gir partiet 9-10 mandat, litt ned frå 11 i den førre perioden. Cec-Podem har heile tida vore for folkerøysting, men på prinsipielt grunnlag mot lausriving frå Spania. I Catalonia har ein i partiet likevel hatt tilhengjarar av sjølvstende, noko som har ført til eksklusjonar og utmeldingar frå partiet. Det som er sikkert, er at medlemmene av Cec-Podem er mellom dei som uttrykkjer mest frustrasjon over utdaterte politiske institusjonar og korrupte politikarar i Spania. Dei er spesielt arge på PP og det dei ser på som strukturell korrupsjon i dette partiet. I ei av dei tre omfattande sakene PP står midt oppe i, Gürtel-saka, skal dei ha underslått 43 millionar euro av statlege midlar og fordelt dei mellom leiande politikarar.

Den spanske statsministeren frå høgrepartiet PP, Mariano Rajoy. Foto: EPP/Flickr/CC-lisens.

Kva kan skje etter valet?

Det store spørsmålet er kven som vinn og kva som vil skje etter valet. Vil valresultatet bli akseptert?

Må uavhengigheitsgruppene driva valkamp medan fleire av leiarane deira sit i fengsel?

Vil Rajoy og PP godta at tilhengjarar av uavhengigheit skipar regjering?

Vil i så fall § 155 i grunnlova halda fram med å gjelda, slik at ei eventuell uavhengigheitsregjering blir overstyrt frå Madrid?

Og korleis vil dei mest ihuga forkjemparane for katalansk sjølvstende reagera på det?

Vil eventuelt dei mest høgreorienterte i PDeCat (JxCat) leggja kravet om sjølvstende til side og gå attende til sjølvstyrevedtekter slik det har vore, eventuelt med litt utvida sjølvstyre?

Både JxCat og ERC har ymta frampå om at ein kan henda skal gå vekk frå ei einsidig uavhengigheitserklæring, noko CUP ikkje går med på.

Spørsmåla og dei usikre faktorane er svært mange og skulle vel borga for at også den internasjonale pressa på nytt flokkar seg rundt Catalonia i høve valet?

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR CATALONIA HER!
Johannes A. Nymark har nettopp pensjonert seg frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Han er forfattar av boka Draumen om Catalonia, utgjeve på Samlaget i 2015.