Politikk og samfunn

«Ikkje-binære vil berre ha dei same rettane som alle andre»

Utfordringane med å vere ikkje-binær kjem ikkje innanifrå, men frå samfunnet rundt, skriv Milo Sølve Leistad Quam og Frankie Rod frå Skeiv Ungdom.

Milo Sølve Leistad Quam (30) og Frankie Rod (24)
Sentralstyremedlemer i Skeiv ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne veka er det ikkje-binær synlegheitsveke. Som ikkje-binær fell ein utanfor kategoriane «mann» og «kvinne». I samfunnet blir kjønn ofte delt inn i to kategoriar, mann og kvinne. Denne inndelinga passar ikkje for oss alle.

Difor vil vi i denne veka skape merksemd rundt alle aspekta ved å vere ikkje-binær, frå det fine, til utfordringane ein møter.

Eg elskar å vere ikkje-binær. Eg er glad for det mennesket eg har vorte, og at eg tør å stå støtt i den eg er. Eg trur kjønnsidentiteten min hjelper meg å vere meir open, og eg har massevis av flotte folk rundt meg som ser meg som den eg er.

Utfordringane med å vere ikkje-binær kjem ikkje innanifrå, men frå samfunnet rundt meg.

Draumen min er å kunne leve i eit samfunn der eg slepp å måtte forklare kva det betyr å vere ikkje-binær. At det å vere ikkje-binær er like naturleg som å vere mann eller kvinne. Sleppe å stresse kvar gong eg må vise fram passet mitt og at det i offentlege skjema er ein eigen boks for kjønnet mitt.

Ein gong sa ein lege til meg «så gøy at du er ikkje-binær, gler meg til å lære mykje av deg». Då sat eg igjen å lurte på om eg skulle få betalt for timen?

quote-left

Eg elskar å vere ikkje-binær. Eg er glad for det mennesket eg har vorte, og at eg tør å stå støtt i den eg er

quote-right

Ikkje-binære manglar framleis mange grunnleggjande rettar i samfunnet i dag. For meg er nok den viktigaste juridisk anerkjenning. Det at eg ikkje kan ha rett kjønn i passet mitt gjer at eg blir mint på mangelen på aksept i alle møta mine med det offentlege.

Det er heller ikkje mogleg for ikkje-binære å få kjønnsbekreftande behandling av det offentlege i dag. Rikshospitalet, som har behandlingsmonopol på transpersonar, behandlar berre binære transpersonar, altså transmenn og transkvinner. Dette gjer at ikkje-binære som ønskjer behandling må betale dette sjølv. Mange som ikkje har råd til privat behandling endar opp med å lyge seg gjennom det offentlege. Dette er svært alvorleg, då det både gjer at statistikken til NBTS blir feil, og kan gjere at ein får feil behandling.

Ikkje-binære er ei ganske lita gruppe. Å gi oss likeverdige rettar vil ikkje ha nokon effekt på storsamfunnet, men vil bety utruleg mykje for dei få av oss som er ikkje-binære.

Vi ikkje-binære krev ikkje mykje, vi vil berre ha dei same rettane som alle andre. Det er på tide at Noreg hamnar på rett side av historia, og anerkjenner ikkje-binære på linje med alle andre.