Korleis få elevane til å like og meistre nynorsk?

Knut Olav Sommernes, grunnskolelærarstudent ved UiT
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ein kjent sak at ikkje alle elevar i skulen liker nynorsk. «Spynorsk mordliste» har det vore skrive på mange nynorske ordbøker gjennom tidene. Lærarar blir ofte stilt spørsmål om kvifor vi må ha to skriftspråk, og kva poenget med nynorsk er. Ikkje alle klarer å svare truverdig på spørsmålet. I dette innlegget reflekterer eg over korleis vi skal få elevane til å like nynorsk.

Eg har delt innlegget opp i tre spørsmål: Kva kan skuleverket gjere for å forenkle læringsprosessen? Korleis kan eg som lærar bidra til fremje nynorsk mellom
elevane? Og korleis kan foreldre og føresette heime bidra?

I Noreg blir det berre fleire og fleire av dei sokalla «våre nye landsmenn». Dei tek med seg kulturen sin, og dermed også språket sitt. Det tar fleire generasjonar før språket deira er heilt erstatta med norsk.

Når desse utlendingane får barn i Noreg, opplever vi ofte at borna lærar foreldra sitt språk på lik linje med norsk, og at dei snakkar begge delar flytande lenge før etnisk norske barn lærer sitt språk nummer to. Dette kan vi ta med vidare inn i spørsmålet om kva skuleverket kan gjere for å forenkle læringsprosessen i nynorsk.

Eg har søkt gjennom kompetansemåla i norsk for heile grunnskulen. Allereie etter 2. årssteget skal ein ha lytta til nynorsk, og hatt samtalar om omgrepet. Etter 4. årssteget skal ein ha lese tekstar på nynorsk. Nynorsk er for dei fleste sidemål, og ikkje før 7. årssteget dukkar ordet «sidemål» opp i kompetansemålet, og seier at ein skal «eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål». Først på ungdomskulen skal elevane «skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på … sidemål …»

Er dette for seint?

Min tanke er at skriveopplæringa i nynorsk må starte tidlegare. Som nemnt kan ein oppleve at barn av innvandrarar meistrar to språk tidleg; ofte to heilt ulike språk. Kvifor skal ikkje etniske nordmenn meistre to språk så tidleg? Enda det er to språk som for ein utlending ser om lag like ut. Kanskje er det nettopp det – at dei er for like. Det kan vere interessant å samanlikne nynorsk med engelsk, som er eit meir ulikt språk.

Vi er faktisk flinkare i framandspråk enn i vårt eiget.

I følgje læreplana startar ein tidlegare skrivinga i engelsk enn i sidemål; faktisk heile fem år før. Dette speglar seg i karakterane som blir gitt. Ein karakter-statistikk frå Utdanningsdirektoratet viser at gjennomsnittskarakteren i engelsk er høgare enn i nynorsk etter 10. årssteg, både i standpunkt og eksamen. Vi er faktisk flinkare i framandspråk enn i vårt eiget.

Eg var sjølv mellom dei elevane som ikkje likte nynorsk då eg gjekk på grunnskulen. Mi interesse for nynorsk kom først når eg tok påbygging til generell studiekompetanse, og lærte meir om språkhistoria og kvifor det faktisk eksisterer to skriftspråk i landet vårt. Det var mi nasjonalromantiske side som først og fremst gjorde at eg fatta interesse. Bokmål er jo dansk. Det er nynorsk som er norsk.

At min iver for nynorsk plutseleg gjekk i vêret, gjorde ikkje at eg også plutseleg vart flink i nynorsk. Eg måtte jobbe med det. Eg las nynorsk, og eg valte å ta imot alle offentlege brev på nynorsk. Alle nettsider der det var mogleg valte eg å bytte om til nynorsk. Framleis er eg flinkare i bokmål, og det vil eg nok til alle tider vere. Fordi eg starta for seint.

Igjen kommer eg fram til at det er tidspunktet nynorsken tas inn i læringa som er problemet.

Som lærar bør ein ha interesse for faget sitt for å engasjere elevane. Av eiga erfaring har eg opplevd at det ikkje berre er elevar som ikkje liker nynorsk. Det gjeld også norsklærarar.

Kva trur du elevane tenkjer når dei ser at ein til og med kan bli norsklærar sjølv med eit distansert forhold til nynorsk? Det nyttar ikkje å fortelje barn at dei skal gjere som du seier, og ikkje som du gjer. Dette bør også takast med heim til foreldre og føresette.

Dei heime har sjølv vore elevar. Det er ingen grunn til å tru at dei heller liker nynorsk. Sans for nynorsk er ikkje noko som kjem med åra. Det må, som med meg, bli vekt ei interesse, ei lyst til å lære det.

Men kva skal ein gjere når ingen av dei som skal lære det bort, verken lærar eller forelder, liker det?

Eg trur i alle fall at det som kjem inn med barnematen blir betrakta som barnemat.

Et kjent utsegn av Albert Einstein seier at å lese eventyr for barna vil gjere dei smarte. Å lese enda fleire eventyr, vil gjere dei enda smartare. Foreldre bør allereie frå dei første eventyr dei les, ha eit bredt utval av nynorsk litteratur, slik at barnet er kjent med det og har eit forhald til det lenge før hen begynner på skulen. På same måte bør også litteraturen i skulen bestå av meir nynorsk.

Kvifor er det berre når ein skal lære nynorsk at ein skal lese nynorsk? Kvifor kan ikkje til dømes samfunnsfag- og naturfagsboka vere skrive på nynorsk?

Det er mange spørsmål ein kan stille seg om korleis ein skal få elevane til å like nynorsk. Kva løysinga er, er nok opp til kvar enkelt, men eg trur i alle fall at hovudløysinga framfor alt er å få det inn i språket så tidleg som mogleg. Kanskje problemet først og fremst ligg hos foreldre og lærarane?

Må dagens generasjon av foreldre og lærarar lyge om at dei sjølv liker det for å vekke interessa til barnet/eleven, og at det deretter går sin vante gang når til slutt alle liker det? Dei bør i alle fall ta eit oppgjer med seg sjølv og eigne haldningar.

Eg trur i alle fall at det som kjem inn med barnematen blir betrakta som barnemat.