No får innvandrarane læra nynorsk i Tysnes

Tysnes kommune blir den 49. kommunen i landet som går over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 22.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For oss som nynorskkommune er det viktig å gje opplæring til innvandrarane på nynorsk. Når me no opplever at læreverket er godt nok, så er det naturleg å gå over til opplæring på nynorsk, seier ordførar Kåre Martin Kleppe til Framtida.no.

Han seier det har vore utfordringar ved å gje opplæring til innvandrarforeldre på bokmål, medan borna deira fekk opplæring på nynorsk i grunnskulen.

Tysnes-ordøraren er glad for at kommunen no skiftar til nynorsk for vaksne innvandrarar.

I tillegg til dei 49 kommunane som no har nynorsk som opplæringsspråk for innvandrarar, er det fire kommunar som har undervising på både nynorsk og bokmål, ifølgje ei oversikt frå Noregs Mållag.