John Mayer har kjent på den nostalgiske kjensla av å bli vaksen

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Så redd for å bli vaksen, eg er jo berre god til å vere ung»

Då eg skulle flytte heimanfrå for fyrste gong høyrte eg på «Stop This Train» av John Mayer om igjen og om igjen. Låta har korkje seige gitarsoloar eller forseggjort fingerspel. Men aldri før hadde eg opplevd ein song som set ord på kjenslene mine så nøyaktig, så velformulert.

Eg skulle flytte frå vestland til austland, til ein heilt ny by med heilt nye menneske. Den trygge, komfortable heimen foreldra mine hadde gitt meg i 20 år skulle bytast ut med ein upersonleg hybel. I staden for å ete gode middagar laga av mor og far, skulle eg koke saman min eigen mat på avgrensa budsjett.

Det var trist å flytte frå familien og venene mine, men den nostalgiske kjensla som sneik seg innpå meg gjorde situasjonen endå tristare. Augeblikket då bilen med flyttelasset på tilhengaren køyrde ut av gardsrommet markerte at barndomen min var over. Frå det augeblikket skulle eg vere vaksen.

Eg innsåg at livet frå no av ville handle om å ta ansvar og å finne meg i å bruke tid på noko som ikkje nødvendigvis er gøy. Det kjendest ut som at blei kasta ut i ei usikker, ustrukturert verd og eg måtte finne ut korleis eg skulle klare å lande på eigne bein. Heilt aleine.

«So afraid of getting older, I’m only good at being young»

Jo nærmare flyttedagen kom, jo meir medviten blei eg på tid. Sjølv om folk flest er opphengt i tid og klokkeslett, er sjølve konseptet tid noko eg sjeldan tenker over. Unntatt tida før eg skulle flytte. Plutseleg var tid alt dagane handla om, og heile livet blei sett i perspektiv. Det var ikkje berre flyttinga som fylte tankane, men om korleis livet mitt hadde vore og skulle bli. Alle veit at med tida vil ein miste menneske ein er glad i. Inkludert foreldra. Dei som er kjelda til mitt liv, dei som alltid hadde svar på alle spørsmål eg hadde.

«Dont know how else to say it, don’t want to see my parents go»

Nostalgien kom overrumplande. Eg ville berre krype under det varme teppet av dagar fylt med glede, teppet som held all uro og stress som kjem med vaksenlivet ute. Eg ville sleppe å planlegge kva eg skulle ha til middag, sleppe å betale straumrekningar og sleppe å ta ansvar.

Av og til går livet fort, og det oppstår ei panikkjensle av at det går for fort, at eg går glipp av noko. Eg vil berre stoppe tida. Men Mayer meiner at viss ein heller aksepterer livets gang – viss ein slepp taket og ikkje tillèt seg sjølv til å krype under teppet – vil det kome ei kjensle av tryggleik, lykke og ro. Og då vil du ikkje gå glipp av noko.

Det syng John Mayer om medan han trommar på gitaren samtidig som han klimprar i ein komplisert rytme som høyrest ut som eit tog som tøffar.

På den feilfrie framføring av «Stop This Train» i Los Angeles, 2008, er det berre Mayer og gitaren på scenen. Men Mayer får gitaren til å bli eit heilt band i seg sjølve. Gitaren står for både rytmen, bassen og melodien – unntatt sjølve soloen. Den plystrar Mayer.

Den enkle framføringa set fokuset på teksten og Mayers historieforteljing. Og det er tydeleg at han er kjent på liknande kjensle av nostalgi.

Sjå liveframføringa frå Los Angeles her:

https://youtu.be/9NLZCLKppZs

Ein låt eg likar

«Stop this Train»

Av: John Mayer

Frå: Continuum (2006)