I gutebandet var det berre Johnny som faktisk kunne spele

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: «Self Esteem» av The Offspring

Det er to band her i verda eg har gått inn for å samla alle platene til: Led Zeppelin er det eine, The Offspring er det andre.

På ungdomskulen hadde eg ein kompis, Johnny, som var ein skaterboy. Musikken det gjekk i var punkrock. Eg var inne i ein litt pinleg boyband-periode på same tida. Det gjekk i Backstreet Boys og A1. Så eg klarte ikkje heilt å skjøna kvifor denne bråkete punk-rocken skulle vera noko å utsetta seg for. Men så var det desse Offspring då. Eg veit ikkje heilt kva det var med dei som gjorde at eg vart nyfiken. Kanskje var det det at dei hadde mange låtar som var litt meir rocka enn dei var punka. Dei trefte i alle fall ei rockenerve i meg.

Og skal ein snakke om ein låt eg likar, er det ein som stikk seg ut, ein eg aldri går lei. Eg gjev dykk – «Self Esteem».

Kristian Selstø digger låte «Self Esteem» av The Offspring

Kristian Selstø. Foto: Privat

Avgjerande skulekonsert

På vår ungdomsskule var det slik at kvart år skulle avgangselevane halda eit musikkshow for resten av skulen. Kompisgjengen eg var ein del av var alle meir eller mindre Offspring-frelst, så Johnny trengde ikkje bruke mykje energi på å overtala oss til å bli med på ideen om å køyre ein låt av Offspring på scena. Valet falt då på «Self Esteem», favorittlåta til fleire av oss. I kompisgjengen var det ein gitarist og ein som var modig nok til å ta vokalistens rolle. Tromminga var visstnok nok så enkel, så den fekk Larsi. Eg fekk jobben som bassist, medan Doffy blei satt til å spela bongotrommer. Doffy var det som i fotballverda kallast for stallfyll ved denne anledninga. Eg var ingen bassist, korkje i «navnet eller gavnet». Men eg skulle no klare å klimpre meg til ein grei karakter.

Om du tek deg tid til å høyre det fyrste halve minuttet av «Self Esteem», høyrer du at det kjem ein slags bass-solo. Ikkje ein så veldig avansert solo heller trur eg, men fingrane mine haldt ikkje følgje i det heile – og det gjorde jo ikkje ting betre at det sat eit par hundre forventningsfulle, unge fans i salen. Gitarist Johnny tok heldigvis ansvar, og spelte like greitt bass-soloen og.

Eg treng ikkje sei så mykje meir om denne konserten, men denne konserten har likevel gjort «Self Esteem» enno meir legendarisk enn den allereie var i seg sjølv. Kvar gong vi gamle bandkompisar treffest, er denne eine konserten samtaleemne. Spesielt morosamt er det å trekke fram at bongotrommisen fekk betre karakter enn den stakkars vokalisten som tok ein for laget og stilte seg bak mikrofonen.

Sjølvtillitsboost

Det er eit heilt anna høve som og er med på å gjer «Self Esteem» spesiell for meg. Eg evnar ikkje å hugse songtekstar. Ikkje tale om. Om eg så legg all innsats i å høyre etter på ein songtekst, er eg snart godt inni ei verd av dagdrøyming. Kall det gjerne ein form for konsentrasjonssvikt.

Men teksten til «Self Esteem»! Den kan eg på rams! Den kan eg synge frå byrjing til slutt, og naile kvart einaste ord. Og veit du kva kjensle det gjev meg? Det gjev meg ei kjensle av betre self esteem.

Vil du skriva om ein låt du likar for Framtida.no? Send oss ein e-post på tips[a]framtida.no!

Ein låt eg likar

«Self Esteem»

Av: The Offspring

Album: Smash (1994)