Tenk at ei lita låt kan gje så mykje meining

Linda Watten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tenk at ei lita låt kan gje så mykje meining»

Låta som alltid har vore nærast mitt hjarte. Kva er det med denne låta som gjer til at eg er så glad i den? Av alle låtar favorittartisten min har laga, kvifor blei akkurat denne låta mi?

Kanskje fordi ho laga den heilt sjølv.  Det var hennar låt. Ingen andre si. Etter noko som var vondt laga ho denne låta. Og du høyrer det. At noko var vondt.

Eg hugsar så innmari godt mitt fyrste møte med låta. Eg sat i stolen og såg på NRK Jukebox. Eg var 10 år og musikkvideoen rulla over skjermen. Den var så rar og sår. Dama sjølv var så vakker tykte eg, og songen var så innmari fin. Etter det sat eg klistra til skjermen kvar dag, og venta på at nokon skulle stemme nok på «Everytime» til at den blei synt igjen. Og igjen.

Og det var ingen låtar verken før eller etter som kunne måle seg med denne. For meg blei den spesiell. Den følgde med meg når eg var på ulike stader i livet.

Eg høyrde på den når triste, vonde ting råka. Dei vakre tonene roa meg mange hakk.

Eg høyrde på den når eg var lei meg. Eg høyrde på den når eg var glad. Eg høyrde den på rommet, bussen, i bilen, og med venner. Eg høyrde den på CD, PC, Youtube, og iPod.

Linda Watten (23) er sosiolog og journalistpraktikant, og har vore blodfan av Britney Spears så lenge ho kan hugse.

Linda Watten (23) er sosiolog og journalistpraktikant, og har vore blodfan av Britney Spears så lenge ho kan hugse. Foto: Privat

Eg høyrde på den når triste, vonde ting råka. Dei vakre tonene roa meg mange hakk.

Ein gong på ungdomsskulen var eg trist og lei meg. Bestevenninna mi den gongen var skikkeleg flink til å synge. Ein dag sendte ho meg eit lydklipp på mobilen. Ho hadde teke opp at ho song. Då hadde ho lært seg «Everytime», for ho visste at den låta var min favoritt. Ho spelte den på piano, medan ho song så vakkert til. Ho visste eg var trist, så dette gjorde ho for å muntre meg opp. Det var så sinnssjukt søtt gjort, og eg syns det er fint å tenkje på den dag i dag.

I 2004 var musikkvideoen til «Everytime» fengande og litt skremmande, der Britney sprang gjennom ein kvit korridor som ein engel. Dei lange, lyse lokkane blafra rundt ho. Blodet i badevatnet gav meg frysningar, og det var skummelt å sjå ho drukne i sitt eige badekar. Men låta, den var så fin, så fin.

«I make believe that you are here, it’s the only way I see clear» hjelpte meg då eg mista besten min. Når livet var tungt og vondt, og saknet ubeskriveleg stort.

«What have I done, you seem to move on easy» hjelpte meg då eg hadde kjærleikssorg som berre ein 15-åring kan ha.

«Every time I try to fly I fall, without my wings I feel so small» hjelpte meg når eg kjende meg åleine i verda, og uansett kor hardt eg prøvde å sjå lyset i enden av tunnelen så var det likevel så mørkt.

«I guess I need you baby» hjelpte meg då eg ikkje heilt greidde sette pris på det eg hadde. Så eg skrudde på låta og såg ut glaset på bilen eg sat i. Ute lava snøen ned, og der og då gjekk det opp for meg, «du er jammen heldig du». Eg smilte og skreiv meldingen «eg er glad for at eg har deg», og sendte den avgarde.

Det siste minnet har betydd svært mykje i alle år som har følgt etter det skjedde. Eg er fortsatt heldig.

Og låta er fortsatt min favoritt. No høyrer eg den berre når eg sjølv vil, og treng det. Den er for fin og meiningsfull til å bruke opp. Når eg høyrer den no så let eg att augo, og drøymer meg litt vekk. Tenkjer på alle dei gode minnene eg har til låta. Korleis den har betydd så mykje for meg, i så mange år.

Tenk at ei lita låt kan gje så mykje meining.

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Fakta

«Everytime»

Av: Britney Spears

Frå: In the Zone (2003)