Eldre blir rikare i rekordfart

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje sidan 1986 har Statistisk sentralbyrå (SSB) målt større inntektsvekst for noko gruppe enn det eldre over 67 år har opplevd i løpet 2000-talet.

– Veksten skuldast to ting: Gode trygdeoppgjer og nye kull med pensjonistar med høgare inntekter. Det er først no me får pensjonistar som dreg fullt utbytte av Folketrygda og obligatorisk tenestepensjon, seier forskar i SSB, Mads Ivar Kirkeberg til Framtida.no.

Eigdomsfesten er ikkje med
Forskjellen mellom generasjonane har truleg auka endå meir viss ein tek med prisveksten i bustadmarknaden.

Forskarane har nemleg tatt utgangspunkt i likningsverdien på bustadane – og ikkje den reelle veksten som har vore på 75 prosent sidan 2000, frårekna den generelle prisstiginga.

LES OGSÅ: Aarebrot om eldre veljarar: – Ekle, egoistiske bandittar

– Det er grunn til å tru at eldre som enno bur i eigen bustad har opplevd ein endå større vekst i formuen enn det me har funne ut. Desse har også mindre gjeld enn yngre generasjonar, seier Kirkeberg.

Dei har eigd bustad sidan 1990 har opplevd ein nesten tredobling av bustadverdien sin.

Unge og single taper
Taparane på 2000-talet er aleinebuarane, ifølgje tala frå SSB. Medianinntekta gjekk her berre fram med 16 prosent. Auke i talet på innvandrarar i denne gruppa har bidrege til den svake veksten. Frå 2004 til 2009 auka delen av innvandrarar innan denne gruppa frå 13 til 22 prosent.

Born med innvandrarbakgrunn blir stadig meir overrepresentert blant dei med vedvarande låginntekt, og står for det meste av auken i mengda økonomisk utsette born dei siste 5-6 åra.

LES OGSÅ: – Treng bustader berre for unge

Årsaka er ofte ein kombinasjon av barnerike familiar og færre foreldre i arbeid. Til saman var det 74.000 born som tilhøyrde hushald med vedvarande låginntekt i 2007-2009. Det vil seie 7000 fleire born enn i 2004-2006.

Drygt 43 prosent av desse borna med vedvarande låginntekt har anten innvandra til Noreg, eller er fødd her i landet av foreldre som har innvandra. I januar ventar Mads Ivar Kirkeberg nye tal for barnefattigdom i Noreg, til då vil han vera forsiktig med å uttala seg om korleis utviklinga har gått.

Finanskrisa virka utjamnande
I 2009 var inntekta til medianhushaldet litt under 400.000 kroner etter skatt. Den tidelen av hushalda med høgast inntekter hadde i 2008 20,8 prosent av all inntekt. I 2009 fall dette til 20,2 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

– Finanskrisa ser dermed ut til å ha virka litt utjamnande på inntektsfordelinga, heiter det i inntektsundersøkinga.

SSB skil mellom fattigdom og vedvarande låginntekt. Vedvarande låginntekt betyr at SSB skil ut hushald med inntekt under ei gitt grense i minst tre år. Ifølgje EU-definisjonar ligg grensa ved ein hushaldsinntekt på 60 prosent av medianen i perioden. Det utgjer 171.000 kroner for einmannshushald og 359.000 kroner for to vaksne og to barn.

Når SSB måler på denne måten, viser statistikken at låginntektsgruppa har vore stabil på 8 prosent sidan 2000.

Bør ein gjera noko med auken i forskjellar mellom generasjonane? I så fall kva bør gjerast?