– Generasjonane i framtida kan ikkje senda ein epost til notidas politikarar!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny KrFU-leiar: – Litt «nerd» når det gjeld pengebruk

Laurdag blei Martine Tønnessen (28) valt til ny leiar på landsmøtet til Kristeleg Folkepartis Ungdom.

På landsmøtet vedtok dei tre manifest, eitt om helse, eitt om klima og miljø, og eitt om reformene i framtida.

– Eg trur noko av det viktigaste vi vedtok var manifestet om reformene i framtida. Der tok vi for oss tema som bustadspolitikk, utdanningsstruktur og trygdereform. Det er viktige ting som Noreg må sjå på i framtida slik at ein kan møta dei utfordringane som ligg føre oss.

Vil prioritera hardare

– Kvifor er det bruk for KrFU i norsk politikk?

– Vi har ei tydeleg stemme innanfor det å tenka prioriteringar, noko som er viktig no som oljeinntektene fell og ein må vera meir forsiktig med pengebruken. Dessutan løftar vi ein del etiske debattar. Teknologien tar heile tida store sprang framover, og mange uante høve ligg føre oss. Då er det viktig at ein har tenkt gjennom ein del av dei etiske problemstillingane slik at ein ikkje naudsynlegvis gjer alt det teknologien tillèt oss.

– Kva forskjell vil KrFU merka med deg som leiar?

– Eg trur vi kjem til å vera endå tydelegare på at ein må tenkja langsiktig med politikken vår. Dette er ei av hjartesakene mine, og for så vidt noko KrFU har jobba med i mange år, så ei heilt ny retning blir det jo ikkje.

Fire år i partiet

Martine Tønnessen melde seg inn i partiet etter valet i 2013, og berre fire år etter er ho leiar av ungdomspartiet.

– Eg valde å bli med fordi politikken tar opp mange viktige spørsmål som eg ville vera med på å gi svar på. KrF og KrFU byggjer politikken sin på tre prinsipp: nestekjærleik, forvaltaransvar og menneskeverd.

– Så er det mange enkeltsaker eg synst er viktig, som at ein tar klimakrisa på alvor, tar ansvar for menneske på flukt og at ein tar internasjonalt ansvar med å gje bistand til fattige land.

Det er dårleg gjort at denne generasjonen politikarar brukar masse oljepengar, for det gjev oss mindre rom i framtida.

Forvaltaransvar

– Eg meiner at kvar og ein generasjon skal ha som mål å overlevera kloden i betre stand enn det han var då dei fekk ho, det vi i KrFU kallar forvaltaransvar. Det gjeld alt; klima og miljø er eitt døme, men òg kamp mot fattigdom og god økonomisk styring. Det er dårleg gjort at denne generasjonen politikarar brukar masse oljepengar, for det gjev oss mindre rom i framtida.

Martine Tønnessen er utdanna samfunnsøkonom.

– Så akkurat når det gjeld pengebruk er eg litt «nerd», seier ho.

– Kva bør Noreg leva av når olja er brukt opp?

– Åh, om eg hadde visst det…! Eg trur ikkje det er ein stor ting, men mange små. Olja er ekstremt lønsam, og då held det nok ikkje med éin ting. Så trur eg deler av det vi vil leva av, er å omstilla oss og økonomien slik at vi ikkje legg opp til at alle oljepengane skal strøyma inn og hjelpa oss heile tida.

– Folk på Stortinget er berre menneske dei òg

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Ein må tora å seia ifrå. Politikk er ikkje for alle, men alle burde gjera seg opp ei politisk meining. Om du er ung og har eit problem du ynskjer å ta opp vil eg rå til deg å ta kontakt med ein politikar, anten lokalt eller på Stortinget. Dei er berre menneske dei òg, og veldig opptatt av å høyra på kva folket meiner. Då treng du ikkje engasjera deg meir enn at du sender ein mail.

Kanskje viktigast er dei som ikkje har høve til å seia ifrå i det heile.

– Men, kanskje viktigast er dei som ikkje har høve til å seia ifrå i det heile. Målet mitt som politikar, er å ha politikk for dei som treng det mest i samfunnet, og det er ofte dei som ikkje engasjerer seg, eller som ikkje kan engasjera seg. Då må politikarane strekkja ut ei hand eller tenkja langsiktig. For generasjonane i framtida kan ikkje senda ein epost til notidas politikarar!

– Det viktigaste er kampen mot mobbing

– Dette med forvaltaransvar gjeld òg dei vesle tinga som at ein tar vare på og sikrar gode oppvekstvilkår, at skulen er betre å gå på og at gang- og sykkelvegen er trygg. Når ein tenkjer på andre menneske – både dei som lever andre stader i verda no, og dei som ikkje er fødd enno, gjev det deg eit anna perspektiv på politikken.

– Korleis vil KrFU gjera skulen endå betra?

– Det viktigaste er at ingen opplever å bli mobba på skulen. Det meiner KrFU er heilt avgjerande, og er noko av det vi jobba mest med å finna gode løysingar på. Så meiner vi at skulen må leggjast opp til den enkelte eleven, og gjev utfordringar på det nivået ein er på. Det er viktig både for dei som hengjer etter, og dei som er veldig flinke. Det må vera fleire lærarar i skulen, spesielt på dei lågare trinna, slik at alle blir sett og får den hjelpa dei treng.

– Kva er idealsamfunnet?

– Det er eit samfunn der alle kan vera seg sjølv, og der alle kan møtast med forståing og respekt.

Martine Tønnessen er ny leiar i KrFU

Favorittfag å skulen: Det var alltid avhengig av læraren, men enda ofte opp med å vera noko rundt samfunnsfag.

Første verv: I KrFU var det fylkesstyremedlem i Oslo KrFU, men eg har hatt mange verv i andre organisasjonar òg.

Medlem i: Oj, det byrjar å verta ein del organisasjonar! Eg synest det er fint å støtta frivillige og organisasjonar eg er samd i, så eg er medlem mange stader sjølv om eg ikkje er aktiv. Så får eg medlemsblad i postkassa kvar veke.

Kva gjer du i fritida/hobby: I politikken er det ikkje så mykje fritid, og eg er heldig som har ein jobb som blandar seg med det eg har som hobby. Men eg spelar litt gitar og har ein liten grønsakshage på balkongen om sommaren. Og så prøver eg å hengja mest mogleg med vener – gjerne dei utanfor politikken, for dei som er innanfor ser eg heile tida uansett!