Innvandrarar i Noreg tener i snitt mindre enn resten av befolkninga. Afrikanarar har lågast månadsløn, mens folk frå Nord-Amerika ligg over snittet.

I september 2016 var gjennomsnittleg månadsløn for lønsmottakarar i Noreg 43.300 kroner. Innvandrarar hadde ei månadsløn på 38.000 kroner, melder Statistisk sentralbyrå , SSB.

Det er første gong SSB har laga lønsstatistikk for innvandrarar. Det blir peika på at det er store forskjellar blant innvandrarar, avhengig av kva land dei kjem frå og kva yrke dei har. SSB peikar på at lønsforskjellane vil vere mindre om ein samanliknar tilsette i same yrke.

Afrikanske innvandrarar hadde ei gjennomsnittsløn på 34.000 kroner, mens vesteuropeiske innvandrarar i snitt tente 47.300 kroner.

Gjennomsnittsløna for innvandrarar svarar til 86 prosent av løna for ikkje-innvandrarar.

Innvandrarar frå Norden, Vest-Europa og Nord-Amerika tener over gjennomsnittsløna for heile befolkninga. Innvandrarar frå Nord-Amerika har høgast gjennomsnittsløn, på 51.100 kroner månaden.

Her blir innvandrarar definert som personar busette i Noreg fødde i utlandet av to utanlandskfødde foreldre og som har fire utanlandskfødde besteforeldre. Norskfødde barn av innvandrarar blir ikkje rekna som innvandrarar.

Oppdatert: torsdag 16. november 2017 13.14

Kommentarar

ANNONSE