Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når noko er svært personleg, er det diverre óg ofte slik at det kan vere både vanskeleg å vondt å tale ope om det, og det eg skal fortelje no, har eg såleis aldri fortalt før.

Fleirtalet av lesarane til Magasinett er jo svært unge menneske, og det er eg glad for. Det er nemleg slik, trur eg, at ein kan trekkje lærdom av det eg skal fortelje, og den lærdomen er det viktig å få med seg, før det er alt for seint.

Som ung mann eller kvinne tenkjer ein diverre ikkje alltid over konsekvensane av eigne handlingar. (Det gjer ikkje vi over tretti heller, men eg vonar og trur eg gjer det oftare no, enn for ti, femten, tjue år sidan.) Når kvinnelege kjendisar vert kjendisar, syner det seg påfallande ofte at dei, som unge, ukjente kvinner, har léte seg fotografere eller filme i kompromitterande positurar og situasjonar. Fotografia eller filmen hamnar etter kvart på Internett, og kjendisen må stå fram i vekepressa og seie at ho angrar bittert på at ho lét seg lokke til å vere med på dette, og at det har vore ei tung tid for henne etter at det vart kjent. (Merkeleg nok hender dette nesten aldri med mannlege kjendisar, men dét fortel nok ein god del meir om media enn om menn.)

Viss du er idrettsutøvar, vil det før eller sidan kome for ein dag at du har drive med ulovleg gambling eller teke prestasjonsfremmande midlar, og du må gå i kanossagang mellom blinkande kamera medan du bedyrar ved alt du har kjært at dette forferdeleg ukloke valet var heilt og fullt ditt eige val, og at det ingenting har å gjere med dei verdiane du fekk med deg gjennom idrettsmiljøet du vaks opp i.

No. Dei fleste av oss vert sjølvsagt aldri verken idrettsutøvarar eller kjendisar, men alle har vi gjort noko vi gjerne skulle sett var ugjort, og som vi fryktar at skal verte kjent for omverda. Og dét vert det. Sann mine ord.

Til og med Hennar Kongelege Høgheit Kronprinsesse Mette Marit, dette dydsmønsteret frå Sørlandet, har måtta vedgå at ho, som ung kvinne, eksperimenterte med narkotiske stoff og utagerande festing. Viss du som les dette, pustar letta ut og tenkjer at du heldigvis aldri har gjort noko du verkeleg angrar på, har eg berre ein ting å seie: Det har du. Ver sikker. Du veit berre ikkje om det enno.

No til den personlege forteljinga:

Sidan eg er ein av oss alle, har eg óg ein mørk løyndom eg fryktar skal kome for ein dag. For snart ti år sidan gjorde eg noko forferdeleg dumt, som eg heile tida sidan svært gjerne skulle sett at var ugjort. Det finst handfaste bevis på at det vart gjort, og at det var eg som gjorde det. Og det er truleg berre eit spørsmål om tid før alt vert kjent, og eg vert til skam for mitt hus og mi ætt og aldri kan syne meg på gata igjen. Følgjeleg har eg, i eit anfall av overmot, bestemt meg for at det er like greitt å fortelje det sjølv, slik at alle kan skjøne at eg har innsett kor forferdeleg uklok eg var.

Det var hausten 2003. Eg var tjuetre år og hadde nettopp byrja på Skrivekunstakademiet i Hordaland, som er eit studium for håpefulle forfattarspirar i alle aldrar, (og som du forresten gjerne må søkje på, viss du har lyst til å skrive, er over atten og har generell studiekompetanse).

Vi var tolv studentar frå overalt i landet. Kvar dag sat vi samla kring eit ovalt bord i eit seminarrom på Verftet på Nordnes i Bergen og las kvarandre sine tekstar, før vi gav kvarandre meir eller mindre velfundert og konstruktiv kritikk. (Den må ha vore ganske konstruktiv, nesten halvparten av dei eg gjekk der i lag med, har seinare utgjeve bøker). Det var eit lærerikt og utviklande år.

Likevel, i løpet av dette året kom eg i skade for å gjere ein frykteleg feil, eg braut med alt eg visste var rett og føretok ei handling eg aldri trur eg skal kunne tilgje meg sjølv for. Ein dag, eg hugsar ikkje nøyaktig når, leverte eg ein tekst til vurdering. Teksten var skriven på bokmål. Eg repeterer: bokmål. (Eit ord som, tilfeldig eller ikkje, er nesten identisk med bokbål.)

Framleis i dag skjelv eg av skam når eg tenkjer på dette. Eg kan ikkje forklare det. Eg kan ikkje skulde på andre. Studentane var nokså jamt fordelt når det gjaldt føretrekt målføre, og eg kan ikkje hugse å på noko tidspunkt ha vore utsett for noka som helst form for press frå bokmåls-falanksen. Eg gjorde det heilt av meg sjølv, fordi eg var nyfiken og, av ein eller annan grunn, ville vite korleis det var.

Eg kan ikkje seie at eg likte det, men – slik det jo ofte er når ein har prøvd noko for første gong – tenkte eg at det kanskje var min eigen feil, fordi eg ikkje hadde gjort det rett. Så eg prøvde igjen. Og igjen. Eg kan ikkje seie sikkert kor mange gonger eg brukte bokmål i løpet av dette studieåret, men då våren kom, hadde eg vendt meg til det, og brukte bokmål og nynorsk om kvarandre, gjerne i same tekst. Eg hadde mista all skam i livet. Eg visste ikkje lenger skilnaden på rett og gale. Difor tenkte eg knapt over kva eg gjorde då eg lét ein tekst på bokmål trykkje i studentantologien vi gav ut om hausten det året.

Antologien er rett nok, heldigvis, ganske vanskeleg å få tak i no, men eg er likevel sikker på at ein eller annan stad, i det langstrakte landet vårt, sit ein bitter og sadistisk bibliotekar djupt i eit støvete bokmagasin medan ein ful smil brer seg over andletet hans, og gler seg til at eg skal verte audmjuka på det grovaste når han avslørar for all verda at eg misbrukte bokmål i min ungdom.

Vel, det er for seint no, hypotetiske bibliotekar. Eg har avslørt meg sjølv, og såleis står det berre att å gjere det alle må gjere når skammelege hendingar frå fortida kjem fram i ljoset. Eg er forferdeleg lei for det gale eg har gjort, og orsakar meg hermed på det djupaste og mest audmjuke ovanfor mor og far, syskena mine, familien elles og alle i omgangskrinsen min, og dessutan ovanfor Det Norske Samlaget, redaktørane mine og marknadsavdelinga, og elles alle andre som er glade i det nynorske språket og god litteratur.

Eg har ein indre styrke no som eg ikkje hadde då eg var yngre, og kjenner meg sikker på at dette aldri skal gjenta seg. Likevel treng eg støtte frå dykk alle i den vanskelege tida som kjem. Eg takkar for at de tok dykk tid til å lytte, og vonar at de ein dag kan tilgje meg.