Ylva Jakobsen (19) og Marie Engebretsen (19) er einige med tidlegare visedirektør i UNICEF og utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson; det er viktig at alle bidrar.

Faktaboks

► Samtidsdagane på Stord vert arrangert for niande året på rad.
► I løpet av dei to dagane reknar arrangøren med at det er over 1000 studentar, tilsette og andre interesserte som er innom.
► Onsdag kjem mellom anna Åsne Seierstad for å fortelja om arbeidet med boka To søstre, ein rystande historie om to skuleflinke og velintegrerte søstrer som blir radikalisert.

Sjå programmet her!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Ver klar over kor viktige de er, seier Hilde Frafjord Johnson frå scenen, og fortel om Noreg sitt sentrale arbeid i fredsmekling, bistand og humanitær naudhjelp.

Johnson har erfaring frå diplomatisk arbeid i Sudan, ho har vore visedirektør i UNICEF og utviklingsminister i to Bondevikregjeringar. 

Samtidsdagane er det første store faglege arrangementet på Stord etter høgskulefusjonen. Det to dagar lange arrangementet skal løfta fram aktuelle tema i samfunnsdebatten. Den første dagen er aulaen på Rommetveit fylt til randen med studentar, tilsette og tilreisande.  

– Flyet var kanskje forsinka, men det var ingen fiendtlege rakettar over Sørstokken. Det var heller ingen vegsperring til Kvinnherad, sjølv om nokon kanskje kunne tenkja seg det, undrar Harry Herstad (Ap) litt spøkefullt. Dette kunne skjedd i ein annan del av verda, fortset ordføraren i ein meir alvorleg tone når han opnar arrangementet.

Sterkt engasjement
Elevane frå bistandslinja på Karmøy følkehøgskule er nokre av dei som har funne vegen til Stord. 19-åringane Ylva Jakobsen og Marie Engebretsen har eit personleg engasjement for bistand og utvikling, og tykkjer at det er svært spanande å høyra på føredraga på Samtidsdagane.

Jentene kunne gjerne tenkt seg endå meir fokus på korleis dei best mogleg kan hjelpa.

– Det er nesten litt surrealistisk å tenkja på korleis folk har det i andre land, og kor bra me har det her. Det er fælt å høyra om dei store forskjellane, men å vita kva den enkelte kan gjera er vanskeleg, seier Jakobsen.

– Eg har tenkt litt på å gjera meir frivillig arbeid, fortel Engebretsen.

LES OGSÅ: – Barn og unge er til pynt

Vanskelege skjebnar
Det er ingen tvil om at det er engasjerte og samfunnsinteressert elevar som har tatt vegen frå folkehøgskulen på Karmøy. Dei er opptekne av at ting vert sett i litt perspektiv, og at fattigdom ikkje er like synleg her i Noreg.

Det gjer inntrykk å høyra om dei uskuldige offera Johnson beskriver. Om Anna i Sudan, som såg mannen bli skoten, og som mista to av barna, berre fordi ho høyrer til feil folkegruppe.  

Sjølv har jentene tatt eit bevisst val om å bli veganarar.

– Å vera veganar er betre for både miljøet, helsa og verda. Me et for mykje kjøt her i verda. Det er viktig å kutta ned på kjøtforbruket, slik at ein kan nytta ressursane annleis, forklarer jentene.

LES OGSÅ: Barnedødelegheita halvert sidan 1990

Ein dugnad
Hilde Frafjord Johnson legg trykk på kor viktig det er at me jobbar saman, og at alle er med på å bidra. Ho fortel at Norge har ei viktig rolle i prosessar med fredsmekling og arbeid med FN sine berekraftmål.

– De må utfordra politikarane, også lokalt, slik at me kan nå måla saman, oppmodar Johnsen.

– Vart de inspirerte av føredraget?

– Ja, svarer jentene i kor.

Om nokre veker går turen til Sør-Amerika. Klassen skal vera tre veker i Brasil, Peru og Bolivia og driva med bistandsarbeid.

– Me skal blant anna besøka ein barneheim me har samla inn pengar til, seier Engebretsen.

Ho gler seg til å kunna dra ut i verda og hjelpa til. I først omgang vert det barneheim, men ho utelukkar ikkje at det vert meir bistandsarbeid i framtida.

LES OGSÅ: 663.000.000 færre ekstremt fattige

Fullt hus i aulaen på høgskulen på Stord, under føredraget til Hilde Frafjord Johnson.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE