Søkartala: IT og helsefag med stor auke
Rekordmange vil ta høgare utdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nesten tre prosent fleire enn i fjor har søkt seg til universitet eller høgskule. Talet på søkarar til informasjonsteknologi har auka med over 1100 søkarar frå i fjor. Det er ein auke på meir enn 30 prosent.
– Eg er glad for at dagens unge menneske høyrer på gode råd og vel teknologi. Me treng fleire som ikkje berre forstår seg på den digitale verda, men som òg kan vera med på å utvikla nye løysingar med teknologi som verktøy, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
500 nye IKT-studieplassar
Regjeringa løyvde difor òg, som eit resultat av budsjettforliket med samarbeidspartia Venstre og KrF i fjor, midlar til 500 nye studieplassar ved IKT-utdanningar.
– Noreg er blant dei meste digitaliserte landa i verda. Skal me utvikla kunnskapssamfunnet vidare og halda på den leiande digitale posisjonen vår, er det heilt avgjerande at me utdannar nye teknologar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sannar.
LES OGSÅ: Derfor studerer unge i utlandet
Populært med helsefag
Òg dei fleste studieretningane innanfor helsefag har markant fleire søkarar i år enn i fjor. Sjukepleiarstudiet er det meste søkte studiet. 15738 søkarar har dette studiet som sitt førsteval, det er over seks prosent fleire søkarar enn i fjor. Det vil seia at det er over tre søkarar per studieplass.
– Eg er glad for dei høge søkartala til helsefagutdanningane. Me blir fleire og me blir eldre, så det er heilt klart eit stort behov for endå fleire kvalifiserte og motiverte medarbeidarar innan helsefaga i åra som kjem, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Student på hybeljakt? Her er dei beste råda frå Forbrukarrådet
Type utdanning | Endring i søkartal |
Arkitekt | 7.84% |
Barnehagelærar | 7.78% |
Estetiske fag | 5.31% |
Faglærar | -6.37% |
Grunnskulelærar 1-7 | -3.62% |
Grunnskulelærar 5-10 | -5.54% |
Historie | 9.44% |
Idrett | 13.02% |
Informasjonsteknologi | 30.66% |
Ingeniør | -7.48% |
Juss | -6.42% |
Landbruk | 20.05% |
Lærarutdanning 5 år | 15.44% |
Medisin | 5.33% |
Odontologi | 9.95% |
Realfag | -0.42% |
Samfunnsfag | 1.06% |
Sivilingeniør | 0.41% |
Sjukepleie | 6.22% |
Sosionom | 5.87% |
Språkfag | 6.98% |
Vernepleie | 13.66% |
Veterinær | -13.38% |
Øk./adm. | -2.68% |