Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 13.12.2017 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når Google blir psykologen din

Aldri før har det vore så lett å få svar på noko du lurar på. Med berre eit par tastetrykk kan du til dømes drepe diskusjonen om det heiter éitt eller éin hamster. Eller du kan google kroppslege symptom og få eit svar på kva sjukdom du har. Trur du.

Viss du bruker Google for å diagnostere deg sjølv er du ikkje aleine. I 2012 gjorde Opplysningskontoret for meieriprodukter ei undersøking der det kom fram at 37 prosent av dei som oppga dei hadde ein allergi eller intoleranse hadde sjølvdiagnostisert seg. 29 prosent av dei sa dei brukte Google som informasjonskjelde.

Og hugsar du «Isbøtte-utfordringa» som florerte på Facebook i 2014? Denne Google-grafen viser ei brå auke av folk som søkte etter symptom på ALS.

Tilfeldig?

Å leite fram usedvanleg mykje informasjon om symptom på helseplagar som du tolkar som unormale har sidan 2001 blitt kalla cyber-kondri.

Eg er ein tørrlagt, lettvektig cyber-konder. Sjølvdiagnosert, sjølvsagt. Det har hendt at eg har vore inne i ein periode der livet har gått i motbakke, og eg gjorde som diagnosen min tilseier og googla symptom som «trøytt, sliten, lei». Mistanken blei bekrefta; jo, dette er vanlege teikn på depresjon.

Eg var deprimert. Diagnosert av meg sjølv, som korkje er utdanna lege eller psykolog.

Det var ikkje vanskeleg å kome fram til ein diagnose, for er det noko det er mykje informasjon om på nettet så er det om psykisk helse. I Noreg er stadig fleire er med på å bryte tabu om psykiske lidingar med sine personlege historiar som våpen. Bloggarar som Linnea Myhre og Sophie Elise fortel om spiseforstyrringar og angstanfall, og på TV-program som «Jeg mot meg» og «Sykt perfekt» fortel ungdom om korleis det er å leve med psykiske lidingar.

I NRK-serien «Innafor» spurde programleiar Emma Clare om det er bra å vere så open om motgangen ein møter i livet.

Eg spør, er biverknaden at fleire som meg trur dei er psykisk sjuke utan å faktisk vere det?

Folk flest er einige om at det er positivt å snakke opent om psykisk helse. Det bryt stigmaer, seier dei. Det gjer at folk føler seg mindre aleine.

– Mange kan vere redde for å ikkje vere normale. Men det å vere normal handlar om at livet både har oppturar og nedturar, seier Anne Karin Mullally, psykologspesialist SiO Helse og Rådgivning.

Ein må først ha møtt motgang for å vere verdifull og interessant

Bloggar Ida Wulff meiner det har blitt for normalt. I eit blogginnlegg kalla ho problemet «sykeliggjøringen av helt rasjonelle reaksjoner på det som kalles livet».

– Det går an å være lei seg og redd uten å være syk, skriv ho.

– Det må være frustrerende for de som er syke at diagnosen deres nærmest er blitt trendy. Folk googler på seg sykdommer og skryter av dem over en kaffekopp, som om det på en eller annen måte gir personligheten deres en liten prikk over i’en.

  • LES OGSÅ: – Du treng ikkje forstå den psykisk sjuke

Camilla Helen Heiervang meiner også at det har blitt ein trend å vere sjuk.

– (Trenden) er kanskje tydeligst i kjendisverden, men psykisk bagasje kan bli et statussymbol for hvem som helst, skriv ho i nettavisa Minerva.

Det heng saman med heltemyten, meiner ho. At ein må først ha møtt motgang for å vere verdifull og interessant.

Kanskje det ikkje er sjølve openheita som er hovudproblemet, men sjukeleggjering av vanleg motstand i livet?

Det har kanskje blitt vanlegare å bruke omgrep som angst og depresjon for å beskrive kjensler. I staden for å seie «eg er litt nedfor», så seier ein gjerne «eg er deppa». I staden for å seie «eg gruar meg til framføringa i morgon», seier ein «eg har angst».

Ein følgje av dette kan vere sjølvdiagnosering.  Internett matar ein «stille epedemi» av helseangst, meiner forskarar ved Imperial College London. 

Problemet med å google symptomane sine er at det til ein viss grad er ein sjølv-oppfyllande profeti. Jo meir du leiter etter kva symptoma kan bety, jo meir diagnosar finn du som passer til symptoma dine.

Død og sjukdom er ein fundamental del av livet vårt. Og med det kjem reaksjoner som frykt, angst og sorg. Og så?

Ta til dømes diagnosen cyber-kondri. Berre det at du googla etter diagnoser kan gi deg ein diagnose. Utan å forstå kor mykje søking «usedvanleg mykje søking» er, er det lett å sette diagnosen på seg sjølv.

For alt du veit kan du vere heilt innan normalen.

Kanskje openheita om psykiske plagar kjem med ein pris. Heldigvis er det måtar for meg og andre sjølvdiagnoserte cyberkondarar å handtere det på.

Noregs hypokonder-lege Ingvard Wilhelmsen anbefaler aksept.

– Det kan motverkast ved at ein aksepterer at det faktisk er heilt normal å kjenne at ein har ein kropp, og at subjektive helseplagar er vanleg blant friske nordmenn. Det meste går over, seier han.

Ein kan stille seg det same spørsmål som Adam Theron-Lee Rensch spør i The Guardian:

Kven har sagt at me skal føle oss lykkelege heile tida? Død og sjukdom er ein fundamental del av livet vårt. Og med det kjem reaksjoner som frykt, angst og sorg. Og så?

Eller ein kan gjere som nokon forskarar ved New York State Psychiatric Institute anbefaler:

Slutt å google symptom.