Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

#Metoo tar av i sosiale medium

Tidlegare denne månaden vart den kjende Hollywood-produsenten Harvey Weinstein sparka som følge av fleire titals skuldingar om overgrep og trakassering. Kjende skodespelarar som Gwyneth Paltrow, Angelina Jolie og Lupita Nyong’o har fortalt om sine opplevingar med produsenten, etter at stadig fleire historier har kome fram.

Weinstein har i kraft av sin posisjon forgripe seg på yngre, håpefulle skodespelarar som berre ville bygge opp karrieren sin. Det fekk songaren Alyssa Milano til å ta i bruk hashtagen #metoo, som har spreidd seg enormt dei siste dagane. Me too-rørsla blei opprinneleg starta i 2006 av Tarana Burke, som har hjelpt unge kvinner som har vorte utsette for seksuell trakassering.

Søndag arrangerer stiftinga Vi tror deg demonstrasjon mot overgrep og seksuell trakassering i Oslo sentrum, basert på det store engasjementet for #metoo.

Rekruttering av jenter

Sjølv om kampanjen denne hausten starta frå kunst- og kulturbransjen, meiner Ida Collett Belle, som er dagleg leiar i AKKS Stavanger, at trakassering er noko som finst i alle yrke.

– Eg tenkjer at dette er eit problem overalt. Trakassering og overgrep har utspring i normer om kjønn. Til dømes at folk tenkjer at menn ikkje kan bli sjukepleiar og at kvinner som følgje av normer blir seksuelt objektiviserte, seier Belle.

I AKKS, ein musikkorganisasjon som arbeidar med likestilling og rekruttering, har Belle starta eit prosjekt kalla LOUD!. Her jobbar dei med å rekruttere fleire jenter til å drive med rytmisk musikk.

– Kulturbransjen generelt sett er nok mannsdominert, i alle fall i toppsjiktet. Men eg trur at seksuell trakassering er eit samfunnsproblem som råkar alle kvinner, og stundom også menn, seier Belle.

Ida Collett Belle jobbar med å rekruttere jenter og kvinner inn i musikkbransjen. Foto: Privat

Råkar yngre kvinner

Ifølge Statistisk Sentralbyrå er seksuell trakassering og mobbing like vanleg overalt i landet. Kvinner er meir utsette for dette på arbeidsplassen enn menn. Livsvilkår og leveundersøkinga frå 2017 syner at sju prosent av befolkinga har opplevd seksuell trakassering på arbeidsplassen.

Ifølgje ei undersøking frå 2010, er tilsette i enkelte yrke meir eksponerte for seksuell trakassering enn andre, det gjeld spesielt sal- og serviceyrke og helse- og omsorgsarbeid. Studentar er også relativt ofte utsette for seksuell trakassering samanlikna med dei som jobbar heiltid. Det kan ha noko med alder å gjere, ettersom yngre alder gjer deg meir utsett for overgrep og seksuell trakassering.

Studentar utsette

I Noreg diskuterte vi seksuell trakassering før #metoo. Ein professor ved Universitetet i Stavanger vart anklaga for slik trakassering, både mot studentar og mot andre kvinner. Ei ny undersøking fra Universitetet i Agder viser at éin prosent av studentar har opplevd seksuell trakassering frå ein tilsett ved lærestaden, mens åtte prosent har opplevd dette frå ein medstudent.

Så korleis kan vi løyse dette problemet? Ida Collett Belle meiner det er positivt at seksuell trakassering no kjem opp til overflata.

– Eg trur mange menn er overraska over kor stort omfanget er. Alle kvinnene eg kjenner har opplevd ein eller annan form for trakassering. Som kvinne kan du ikkje eksistere i samfunnet utan å vere kjønnet ditt. Eg trur vi treng betre seksualundervising, normkritisk pedagogikk, betre rollemodellar og ein god samtale om grenser og forventningar, seier ho, og held fram:

– I tillegg trur eg vi må nytte kvotering i rekrutteringa for å endre tala. Gjerne også workshops for dei som jobbar med kultur, slik at den eldre garde forstår rota i problemet. Det handlar om den skeive maktbalansen mellom kvinner og menn. Weinstein-saka overraska meg altså ikkje, seier ho, og etterlyser fleire menn i debatten.

– Synd å måtte nytte sosiale medium

Den kjende musikaren og tidlegare The Voice-deltakar Pål Rake er ein av dei som ønskjer å uttale seg om kampanjen. Då han høyrde om #metoo, tenkte han at dette var ein viktig kampanje.

– Dei som gjer dette må stillast til ansvar. Det er synd at ein må nytte sosiale medium for å få fram dette, ettersom det tydelegvis ikkje har fungert å ta opp sakene gjennom rettssystemet.

Musikar Pål Rake. Foto: Daniel Mikkelsen

Rake meiner at kampanjen er positiv gjennom at vi blir direkte eksponerte for problemet gjennom venner og kjente.

– Utfordringa er at vi ikkje må tru at alle som har vore utsett for overgrep no har delt dette offentleg. Eg har stor sympati for den klossete 17-åringen som etter vekevis med øving framfor spegelen berre ville seie «eg liker deg» og som kanskje bomma på målet og fekk overgrepsanklage i retur.

LES OGSÅ: Feministisk konsertbølgje

– Makthierarkiet har kollapsa

– Tenkjer du at folk i kulturbransjen kan vere ekstra sårbare for trakassering og uønska merksemd? Det er jo til dømes mange mannlege sjefar, korte arbeidskontraktar, fokus på utsjånad i auditions og så vidare?

– Eg trur ikkje det er meir eller mindre av dette i kulturbransjen. Musikarar og artistar lever av å bruke røystene sine, vi er ofte frigjorte, uredde, sjølvmedvitne og privilegerte. Vi lever av å seie i frå, på ein måte. Makthierarkiet i bransjen har kollapsa for lenge sidan. Det er lite både av makt og pengar i kulturbransjen samanlikna med andre bransjar, og såleis færre årsaker til å kunne utnytte unge og håpefulle.

– Kva kan vi gjere for å hindre seksuell trakassering som skjer i musikkbransjen? Trengs det haldningsendringar?

– Vi må alltid væpne oss med god kunnskap og eit tydeleg omgrepsapparat. Blir det sagt nok at nei er nei? Når det er sagt er eg ikkje spesielt uroa over bransjen. Musikken har ofte stått i bresjen for seksuell frigjering, og tatt opp tema som er tabubelagte. Eg tenkjer at musikkens oppgåve er å vere fri, nyskapande, liberal og innovativ. Det er lytterane sitt privilegium å lytte til den musikken dei liker, og på den måten kva slags haldningar morgondagens musikarar speglar, seier Råke.

LES KOMMENTAR: Bryr vi oss mest med sexisme når det kjem frå svarte?