Framtida
Publisert
Oppdatert 15.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan ikkje vere lett å vere mann i desse dagar med alle desse kvinnene som spring rundt og meiner det eine og trur det andre. På toppen av alt kan dei no også vere pene, det skulle dei jo ikkje før. No er det alt svært vanskeleg å skilje mellom dei seriøse kvinnene og dei useriøse: kvinner kan vere både karrierekvinner og ute på dans på kvelden. Dette kan ikkje vere lett å forholde seg til. Denne utviklinga har gått føre seg i stor del i løpet av dei siste hundre åra, og ein kan ikkje vente at menn skal kunne klare å lære seg dette over ei såpass kort tidsperiode. Det er jo trass alt så mykje å forholde seg til. Kva skal ein mann gjere, om ikkje støtte seg til urinstinktet sitt, ”manneinstinktet”?

Kvinne, du må prøve å setje deg inn i mannens situasjon. Dersom du drikk alkohol, er det for ein mann ganske openberrt at du er ei lausaktig kvinne som driv med skjøkjefære. Dersom du i tillegg kler deg sexy, er det klart at at du må ha mykje sex med forskjellige personar, og når du er ein sexy, lausaktig nymfoman er det ganske vanskeleg for menn å skjøne at du ikkje vil ha sex med akkurat dei. Dei er rett og slett for distrahert til å skjøne ordet ”nei”. Det er berre instinkt.

Men kva har eigentleg instinkt med dette å gjere? Trass alt er det den frie vilja som gjer oss til tenkjande, siviliserte menneske – ein ganske universal tanke, både i vitskapen og religionen. La oss ta for oss dette i ut ifrå eit kristent synspunkt: syndefallet. Ja, her er det kvinna som får menneska kasta ut frå Edens hage, men i det minste gjer ho dette av fri vilje; kvinna søker kunnskap. Mannen derimot tenkjer ”Å nei, den skumle røysta som kjem ovanfrå seier eg ikkje skal gjere det, då kan eg ikkje.” Etterfulgt av tanken ”Men Eva seier det går greit, då må det jo vere slik.” Er det altså slik at menn ikkje er i stand til eiga tankeverksemd? Følgjer menn berre instinkta sine?

La oss også gå til vitskapen, til knelarane: Hos knelarane er mannen sitt einaste instinkt å parre seg med hoknelaren. Hoknelaren sitt instinkt er her å vidare bite hovudet av hannknelaren etter parring. Hannknelaren må med andre ord definerast som litt dum, eller veldig styrt av instinkt; potensielt begge delar. Og er dette i det heile tatt av relevans for menneskehannen? Ja, det er det. Det er synd på hannen, mann eller knelar. Mannen, i likskap med hannknelaren, tenkjer ikkje berre på sex, slik alle snakkar om. Mannen lever for sex og har ikkje høve til eigen tankeverksemd. Mannen er styrt av kvinna, av di kvinna har noko mannen vil ha, og dette er det einaste ein mann er i stand til å tenkje på. Den einaste moglege konklusjonen er at mannen ikkje berre er intellektuelt underlegen kvinna, han er også på eit nivå med alle verdas lågare dyreformer. Det er her vi som kvinner må gå inn og ta ansvar: vi kan avgrense oss sjølv gjennom å kle oss meir anstendig og aldri flørte eller innta alkohol. Eventuelt kan vi opprette eigne manneparkar, der vi kan gå og titte på dei når vi vil.

Det er no vi, som kvinner, må ta innover oss kva menn har vore utsett for i alle år. Ja, vi treng ikkje gå lenger enn til Bibelen for å finne menn som blir lokka av kvinner til å gjere alle moglege slags fæle ting. Og kva med alle desse stakkars mennene som vart bergtatt i tida då det framleis eksisterte troll? Ja, er ikkje til og med Peer Gynt og Jesus også offer for kvinnene sin dominans? La ein ting vere klinkande klart: det er ikkje mannen si skuld at han valdtar, han kan berre ikkje noko for det.

Women, know your limits; mennene har skjøna sine for lengst!