Alle svenske 16-åringar får feministbok

Chimamanda Ngozi Adichie lærer oss kvifor me alle burde vere feministar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svenske 16-åringar får feministbok

I 2013 holdt den nigerianske forfattaren Chimamanda Ngozi Adichie TED-foredraget «We should all be feminists».

Foredraget er sett over to millionar gonger og har utvida til essayet med same namn. Det 64 sider lange essayet «Vi burde alle være feminister» vart utgitt på Gyldendal i fjor.

Ikkje minst har talen vorte sampla i Beyoncé-låta «***Flawless».

LES OGSÅ: Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar

– Menn leiar bokstaveleg talt verda
Adichie kallar seg ein «happy feminist» og bruker sine eigne erfaringar med feministiske stereotypiar til å belyse temaet feminisme i dag.

– Ordet feminisme har så mykje negativ bagasje: du hatar menn, du hatar bh-ar og du hatar afrikansk kultur, seier Adichie, som sjølv tek ordet i forsvar.

Forfattaren peikar på at sjølv om 52 prosent av verdas befolkning er kvinner, er dei underrepresenterte i leiarstillingar og tener meir enn kvinner.

– Menn leiar bokstaveleg talt verda. Det gav meining for tusen år sidan, fordi menneska då levde i eit samfunn der fysisk styrke var det viktigaste reiskapet for å overleva. Den fysisk sterkaste personen var mest sannsynleg leiar – og menn generelt er fysisk sterkare, seier Adichie, og legg til at det sjølvsagt er mange unnatak.

Ho peikar på at dagens leiareigenskapar kreativitet, intelligens og innovasjon, ikkje er knytt til kjønn.

Ho meiner me har utvikla oss, medan våre tankar om kjønn framleis heng att i fortida. Difor tek Adichie til orde for å endra måten me oppdreg både gutar og jenter.

Sjå heile talen her:

Svensk jubel
I desember kunngjorde Sveriges Kvinnolobby og forlaget Albert Bonniers, saman med fleire andre organisasjonar at alle svenske elevar i andreklasse på vidaregåande skal få eit eksemplar av «Alla borde vara feminister».

Håpet er at boka skal skapa diskusjon rundt likestilling og feminisme. 

– Dette er boka eg skulle ynskje at alle mine mannlege klassekameratar hadde lese då eg var 16, sa Clara Berglund, generalsekretær i Kvinnelobbyen då prosjektet vart lansert.

Prosjektet har fått merksemd i store utanlandske medier, som The Guardian, som òg skriver at Storbritannia har foreslått å fjerne feminisme frå timeplanen.

LES OGSÅ: Feminisme på svensk

Sjå Adichie sin video i samband med den svenske lanseringa:

Faktaboks

Chimamanda Ngozi Adichie (fødd 1977)

Frå Nsukka, Nigeria

Bachelor i kommunikasjon og politisk vitskap frå Eastern Connecticut State University

Mastergrad i kreativ skriving frå Johns Hopkins University i Baltimore og master i afrikanske studier frå Yale

Debuterte i 2003 med Purple Hibiscus (Dyprød hibiskus), utgitt på norsk av Gyldedal

Seinare kom bøkene Half of a Yellow Sun (2006), and Americanah (2013)