Elevar i Sogn og Fjordane får best karakter i sidemål.

NPK
NPK

Sidemålskarakteren varierer stort, syner den førebelse karakterstatistikken for eksamen i vår frå Utdanningsdirektoratet. På vidaregåande skule varierer karakteren frå eit snitt på 3,7 i Sogn og Fjordane til eit snitt på 2,8 i Østfold.

Sogn og Fjordane er dessutan det einaste fylket der elevane får betre karakter i sidemål enn i hovudmål, 2,7 mot 3,4. Dei fleste elevane i fylket har bokmål som sidemål.

På landsbasis er forskjellen i snittkarakteren i norsk på studiespesialisering ikkje så stor, 3,4 i hovudmål og 3,2 i sidemål. Og i dei fleste fylke er skilnadene berre nokre prosentpoeng. Men i Østfold er snittet altså 2,8 i sidemål, mot 3,3 i hovudmål. I Finnmark er tala høvesvis 2,9 og 3,3. I Oslo og Akershus får elevane nesten like god karakter i sidemål som i hovudmål.

I grunnskulen er snittkarakteren for heile landet 3,5 i hovudmål og 3,2 i sidemål. Her er ikkje skilnadene mellom fylka så store, men også her får elevane i Sogn og Fjordane betre karakter i sidemål enn i hovudmål.

LES OGSÅ: Med nynorsk på brystet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE