Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot kutt i fri rettshjelp

– Det er svært synd at vi no står ovanfor den situasjonen at vi kanskje ikkje er i stand til å gje eit grunnleggjande godt tilbod lenger, seier dagleg leiar i Jussformidlingen i Bergen, Irina Amiand.

Jussformidlingen er ein av fleire organisasjonar knytt til universiteta i landet som gir gratis rettshjelp til vanskelegstilte, og den einaste som held til på Vestlandet. Til dags dato er dei 22 tilsette, der alle er jusstudentar. No risikerer Jussformidlingen å måtte kutte sju stillingar.

– I tillegg må vi redusere opningstidene. Dette er veldig uheldig fordi vi er eit lågterskeltilbod og må vere tilgjengelege. Vi kan ikkje ha det slik at folk som oppsøkjer oss møter ei låst dør, seier den daglege leiaren.

Hjelper 250 kvart år

I løpet av eitt år hjelper ein enkelt sakshandsamar rundt 250 menneske. Får regjeringa det som dei vil, får 1750 færre personar hjelp i 2018. Amiand fryktar at sakshandsamarane no må bruke meir tid på å søkje økonomisk støtte framfor å drive med rettshjelp.

– Manglande tilbod om juridisk bistand vil for mange vere dramatisk. For det første er det å handtere juridiske problem allereie ei stor påkjenning. For det andre vil mange ikkje har ressursar til å stå imot urett på grunn av dårleg økonomi. Då blir dei som har minst, endå dårlegare stilt, seier Amiand.

Sakshandsamarar ved Jussformidlingen. Frå venstre: Ben Sadeh, Victor Taule Erichson og Carl Henrik Andersson. Foto: Elise Løvereide

– Mange treng hjelp

Ben Sadeh, Victor Taule Erichsen og Carl Henrik Andersson er jusstudentar som nyttar eit år av studiet til å vere sakshandsamarar i Jussformidlingen. Til ei kvar tid jobbar dei enkeltvis med ti ulike saker.

– Det kan dreie seg om klientar som ikkje har fått utbetalt feriepengar eller løn, det kan handle om usaklege oppseiingar eller usemje om husleige og depositum. Det kan også gjelde utlendingssaker og opphaldsløyve. Generelt er det mykje rart som skjer der ute og mange som treng hjelp, fortel Andersson.

Erstatningssaker for tapt barndom jobbar dei også med, men tar generelt ikkje imot straffesaker eller saker som gjeld barnefordeling. Rundt 16 prosent av klientane er studentar, og heile 30 prosent er under 30 år. 20 prosent av klientane er mellom 30 og 40 år.

– Kjernegruppa er ressurssvake personar som ikkje ville søkt hjelp hjå advokatfirma dersom vi ikkje fanst. Advokattenester er frykteleg dyrt, og vi fyller tomrommet for dei som ikkje har råd, fortel Andersson.

PRØV DEG PÅ STATSBUDSJETT-QUIZEN!

Fulle avtalebøker

Jussformidlingen har også juridisk telefonteneste, og sakshandsamarane fortel at mange konfliktar løyser seg over telefon. Dette tilbodet må dei også vurdere å fjerne dersom forslaget til statsbudsjettet blir ståande.

– Vi må dessutan kutte ned på oppsøkjande arbeid, der vi held foredrag og jobbar førebyggjande. Det er viktig at folk veit kva rettar dei har, seier Erichsen.

Jusstudentane fortel at dei allereie jobbar på spreng og at avtalebøkene er fulle. Dei meiner det er småleg og trist at organisasjonen må kutte så drastisk i tilbodet.

– Det første eg tenkte var at det er synd. Det vil berre gå ut over dei svake i samfunnet, meiner Sadeh, og får støtte frå kollegaane.

– Det er snakk om 15 millionar kroner totalt til alle organisasjonene som tilbyr gratis rettshjelp. Dette er småpengar for staten, og ein billeg pris å betale for eit godt rettsvern, seier Erichsen.

– Håpar dei tar til fornuft

Alle dei tilsette har framleis eit håp om at styresmakta snur.

– Vi håpar jo at dei tar til fornuft. Mange veit kanskje ikkje kva vi jobbar med, så eg tenkjer at vi må opplyse om arbeidet vårt og om konsekvensane av mindre støtte. Difor har vi no invitert politikarar og sendt e-postar i hytt og vêr, fortel Sadeh.

Ei av dei som jobbar på spreng for å halde på støtta, er den daglege leiaren. Ho meiner at det Jussformidlingen og andre rettshjelptital er samfunnsøkonomisk gunstig ved at det utjemnar sosiale forskjellar.

– Vi er tett på mange utsette grupper og gjer departementa merksame på konsekvensane nye lovforslag får for våre klientar. Dette arbeidet er det ingen andre som gjer. Eg synest det er rart at det ikkje er brei politisk semje om slike tiltak. Både dei som er frivillige og dei som er drive av studentar er gode tilbod, seier Amiand.

LES OGSÅ: Sjekk rettane dine som student!