Sjekk rettane dine som student

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjekklista til Forbrukarombodet er særleg viktig for studentar på private lærestader. Første punkt er å halde tidsfristar for å takke ja til studieplassen, betale eventuelle skulepengar og eksamensavgifter og melde seg opp i kurs og fag eller til eksamen.

Når det gjeld private studiestader, bør ein vere klar over kva skuletilbodet kostar og kva det inkluderer. Du bør ta vare på skulekontrakten og eventuelle kvitteringar når du betalar skulepengar. Kva reglar gjeld dersom du blir sjuk?

Dersom du skulle bli misnøgd med skuletilbodet, rår Forbrukarombodet deg til å ta opp saka snarast med skulen. Dersom lærestaden ikkje vil høyre på klagen, kan studentar ta kontakt med Forbrukarrådet, studentorganisasjonar eller jusstudentar som tilbyr gratis rettshjelp.

Forbrukarombodet tek imot klager som gjeld villeiande marknadsføring eller urimelege kontraktsvilkår. (©NPK)