Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kjennest som om me er nærare 1930-talet enn me nokon gong har vore sidan då, seier Margaret Atwood.

Den 77 år gamle kanadiske forfattaren er aktuell som aldri før etter at romanen hennar «The Handmaid’s Tale» frå 1985 har blitt til ein populær tv-serie – og etter at Donald Trump blei vald som president i USA.

Pessimistisk prisvinnar

På ein pressekonferanse under den store bokmessa i Frankfurt i helga seier Atwood at ho er skremt av å sjå totalitære tendensar i si eiga samtid. 77-åringen samanliknar med 1930-talet, då fascistiske og kommunistiske diktatur tok form i Europa.

– Folk i Europa såg USA som ei fyrlykt for demokrati, fridom og openheit, og dei ville ikkje tru at noko slikt nokon gong kunne henda der. Men no har tidene endra seg, og diverre blir det meir mogleg å tenkja i slike banar, seier Atwood ifølgje nyhendebyrået Reuters.

Forfattaren er i Frankfurt for å ta imot den tyske bokbransjen sin fredspris, som tidlegare har gått til forfattarar som Astrid Lindgren, Václav Havel og Orhan Pamuk. Atwood blir heidra for sitt «politiske medvit og merksemd for utviklingar under overflata», skriv Reuters.

Boka og tv-serien The Handmaid’s Tale handlar om ei framtid der kvinner har mista fridomen sin. Foto: Hulu

Plutseleg mogleg røyndom

«The Handmaid’s Tale» er ein dystopisk roman om eit kristenfundamentalistisk regime som systematisk undertrykkjer kvinner. Dei kappe- og hettekledde kvinnene i tv-serien har blitt brukte som symbol under demonstrasjonar mot det mange oppfattar som kvinnefiendtleg politikk.

– Det er ein av grunnane til at serien har blitt så populær: Folk kjenner plutseleg at det er ein mogleg røyndom for dei, seier Atwood ifølgje Reuters.

Margaret Atwood

  • Kanadisk forfattar og aktivist, fødd 18. november 1939
  • Forfattar av meir enn 40 bøker, mellom dei The Handmaid’s Tale, Alias Grace, Oryx and Crake og The Blind Assassin; fleire av bøkene er omsette til norsk
  • Boka hennar Scribbler Moon skal liggja forsegla og gøymt på det nye Deichman-biblioteket i Oslo heilt til 2114, som ein del av Framtidsbiblioteket
  • The Handmaid’s Tale blei produsert som tv-serie av Hulu i 2017, med Elisabeth Moss i hovudrolla. Sesong 2 kjem i 2018