Ingen av teoriane som skal forklare kvifor nesten alle samfunn i verda har vore mannsdominert sidan jordbruksrevolusjonen er vasstette.

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor har menn meir makt enn kvinner?

I august skreiv Google-ingeniøren James Damore ein 10-siders lang tekst der han argumenterte for at mangelen på kvinner i teknologi-industrien og i leiarposisjonar er grunna i biologien. Kvinner er rett og slett ikkje like biologisk anlagt til slike stillingar som menn, meinte Damore.

Dette dokumentet kostet Damore jobben. Men han er ikkje aleina i rekka av menn som har blitt arbeidslause på grunn av kontroversielle ytringar om kjønn. I juni gjekk Über-sjef Travis Kalanick ut i permisjon utan fastsett returdato etter at selskapet hadde blitt anklaga for å ha ein trakasserande, diskriminerande og aggressiv arbeidskultur.

Å miste jobben over kvinnenedsettande kommentarar viser at det er lite toleranse for den slags no til dags. Likevel er slike haldningar å finne overalt. Berre det at ting som Mannegruppa Ottar, boka «Men Are Better Than Women», og lister som denne eksisterer er teikn på det. Mange, både menn og kvinner, meiner at menn og maskulinitet er betre enn kvinner og femininitet. Men kva er det som gjer menn så bra? Sanninga er at ingen faktisk veit heilt sikkert.

Universelt kjønnshierarki

Kva det betyr å vera mann og kvinne varierar frå sted til sted og epoke til epoke. Mens den franske kong Louis XIV i poserte maskulint ikledd strømpebukser, høghælte sko og langt hår på 1700-talet, stadfestar dagens mannlege, amerikanske verdsleiarar sin maskulinitet med mørk dress, kvit skjorte og slips.

Uansett om mannen har gått i strømpebukse eller dressbukse, har han alltid vore betre en kvinna

Sjølv om maskulinitet stadig er under endring, har så og sei alle samfunn sidan jordbruksrevolusjonen vore patriarkalske, det vil seie samfunn kor menn er overordna kvinner. Forskare har funne patriarkalske samfunn i både oldtidas Amerika, Afrika og Asia, sjølv om verdsdelane har vore utan kontakt i tusenvis av år. Uansett om mannen har gått i strømpebukse eller dressbukse, har han alltid vore betre en kvinna.

Kjønnshierarkiet viser seg å vera relativt universelt, som kan tyde på at det må vera ein biologisk fing med i maktspelet. Det er mange teorier som prøver å forklare kvifor, men ingen er vasstett.

Saka held til under bilete

Yuval Noah Harari

Yuval Noah Harari. Foto: TED Conference/Flickr

Teoriknusaren

«Menn er løysningsorientert, er sterkare, brukar mindre tid på å gjere seg klar til å gå ut, og er flinkare til å tenke logisk». Dette meiner Wardah Maaz i Wonderlist.com er nokre av grunnane til at menn er betre enn kvinner.

Den israelske historikaren og forfattaren Yuval Noah Harari går djupare til botn i tematikken. I boka «Sapiens – en kort historie om menneskeheten» knuser han dei tre kanskje mest brukte argumenta til kvifor menn har ein høgare posisjon i samfunnet:

Menn er sterkare enn kvinner, og har brukt den fysiske kraft til å skaffe seg makt. Denne styrken har også gjort at menn har vore ansvarleg for manuelt arbeid som har krevd styrke. Det har gitt menn kontroll over matproduksjonen, som igjen har gitt dei politisk slagkraft. Men, ikkje alle menn er sterkere enn kvinner og det er ingen korrelasjon mellom fysisk styrke og sosial makt. Faktisk så er dei den lågare stilte klassane som gjennom historien er blitt sett til å gjere hardt, manuelt arbeid. Dei som sit med politisk makt er dei som har mentale og sosiale eigenskapar. Viss fysisk styrke betyr politisk makt, kvifor er hovudparten av verdas leiarar då menn?

Menn er eit betre biologisk utgangspunkt og meir villige til å delta i rå, fysisk vald og krig. Men, berre fordi alle soldatane er menn, må også dei strategiske og administrerande leiarane også vera menn? Sjølv om kvinner ikkje har fysisk styrke eller stor nok mengde av testosteron til å delta i krig, må korkje muskler eller aggresjon til for å bli ein dyktig politikar eller general. Ein uthaldende, samarbeidsvillig person som kan sjå ting frå ulik perspektiv ville vore betre egna. Og er det ikkje nettopp det den stereotypiske kvinnen skal vera så god til?

Dei mannlege gena som overlevde neste generasjon var dei som var mest ambisiøse, aggressive og konkurransedyktige. Samtidig var dei kvinnelege gena dei som var omsorgsfulle og underlegne. Det er fordi menn har måtte konkurrere med kvarandre for å få kvinner til å spreie gena deira vidare, mens kvinner har vore avhengige av andre under svangerskapet, fødselen og småbarnsperioden for å sørgje for hennar eiga og barnets overleving. Difor har ho måtte føye seg til mannen slik at han ikkje skal forlate henne. Men kvifor er det berre menn ho kan vera avhengig av? Kva med andre kvinner?

Menn mister makta

Uansett kva det er som har forårsaka kjønnshierarkiet, så er det inga tvil om at det er under endring. Kjønnsroller har gått gjennom – og er kanskje framleis midt i, ein revolusjon som har gått i rekordfart.

På berre 100 år har kvinner gått frå å bli nekta stemmerett til å styre nasjonar. Kvar dag bekreftar kvinner over heile verda at dei kan gjere nett det same som menn kan. Og kven veit, om kanskje hundre år til vil ikkje folk miste jobben over kontroversielle ytringar om kjønn – då er det ingen som meiner slike ting lenger.

Kvinnemarsj

Kvinnemarsj i Washington D.C., 21. januar 2017. Foto: Molly Adams/Flickr