443 barn er forsvunne i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 443 av 913 asylbarn som har fått mellombels opphald i Noreg har forsvunne, ifølgje ein ny rapport utarbeidd av NOAS, Redd Barna og Fellesorganisasjonen.

Dei tre organisasjonane slaktar Utlendingsdirektoratets (UDI) saksbehandling, skriv VG. Dei har henta tal frå UDI om dei mindreårige barna som har fått mellombels opphaldsløyve sidan ordninga vart innført i 2009.

– Norske styresmakter ønsker å ha ein politikk slik at einslege mindreårige dei meiner ikkje har eit vernebehov, reiser heim når dei fyller 18 år. Men det skjer jo i svært liten grad, seier rådgjevar Mona Reigstad Dabour (bildet) i NOAS.

Ifølgje avisa er berre 73 av dei 913 asylbarna blitt tvangsreturnerte eller reist assistert eller frivillig tilbake til heimlandet.

– UDI er gjennom norsk lov forplikta til å gjennomføre ei vurdering av kva som er det beste for barnet og grunngi vedtaka, og det har dei ikkje gjort i desse sakene. Vi synest det er svært alvorleg, seier seksjonsleiar Thale Skybak i Redd Barna.

Rapporten viser til at «barnas beste» ikkje er nemnt i 32 av dei 38 vurderingssakene dei har gjennomgått, og at same standardtekst er brukt i 20 av avslaga.

UDI seier rapporten kjem med viktige innspel, men at dei ikkje har blitt presentert dei aktuelle enkeltsakene og kan derfor ikkje kommentere grunngjevinga i desse.

(©NPK)

LES OGSÅ: – Ingen tar ansvar for forsvunne barn