Borgarlege ungdomsparti vil tredoble talet på kvoteflyktningar
Unge Høgre, KrFU og Unge Venstre meiner regjeringa legg opp til å ta imot altfor få kvoteflyktningar neste år. Ungdomspartia vil tredoble talet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I statsbudsjettet for 2018 har regjeringa foreslått å ta imot 1.120 kvoteflyktningar, mange færre enn dei tre førre åra. Samtidig er asylsøkjartala låge for tida.
– Når talet på asylsøkjarar går ned som det gjer no, bør talet på kvoteflyktningar i staden gå opp, seier Sandra Bruflot, nestleiar i Unge Høgre til NRK.
- LES OGSÅ: Fleirtal vil ta imot sårbare flyktningar
Ho har støtte frå leiar Ida Lindtveit i KrFU og leiar Tord Hustveit i Unge Venstre.
– Det er rett og slett pinleg for Noreg og vårt internasjonale renommé at regjeringa vel å kutte talet på kvoteflyktningar. Vi har tidlegare vore vårt internasjonale ansvar bevisst, vi har peikt på andre EU-land og sagt at dei bør ta det ansvaret. No gjer vi det motsette, det synest eg ikkje at Noreg bør gjere, seier Lindtveit (KrFU) til kanalen.