EU ber Noreg ta imot fleire kvoteflyktningar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) bad nyleg om hjelp til å få overført 40.000 ekstra kvoteflyktningar frå Libya og andre land i regionen.

EUs innvandringskommissær Dimitris Avramopoulos seier no at han fullt ut støttar initiativet. Han har sendt eit brev om saka til alle land i EU og Schengen, inkludert Noreg.

– I brevet bad eg dei vere så ambisiøse som mogleg, og eg bad dei spesielt om å auke innsatsen for å ta imot kvoteflyktningar frå Nord-Afrika og Afrikas Horn, seier han.

NTB har lese brevet, som vart sendt til innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) 25. august.

EUs mål er å trappe opp hjelpa til flyktningar i Libya, Egypt, Niger, Etiopia og Sudan. Dette er land som mange flyktningar reiser frå eller gjennom når dei prøver å ta seg til Europa over Middelhavet.

LES OGSÅ: Fleirtal vil hjelpe sårbare flyktningar

Det er like viktig å hjelpe folk herifrå som å ta imot kvoteflyktningar frå Syria, meiner Avramopoulos.

«Eg vil derfor oppfordre deg til å vere så ambisiøs som mogleg i vurderinga av innsatsen for kvoteflyktningar», skriv han.

FN har bedt Noreg og andre land om å komme med nye kvoteløfte innan fredag 15. september.

LES OGSÅ: Noreg har tatt imot 0,3 prosent av asylsøkjarane i Europa